Vamp på Solstråleøya!

Årets mest magiske eventyr er bekrefta!

Haugesundbandet Vamp har i mange år vore eit av Noregs beste liveband. No er dei endeleg klare igjen for Tysnesfest! Denne gongen har me invitert dei til magiske og historiske Solstråleøya som vil danna ei perfekt ramme rundt konserten. Onsdag 12. juli er datoen du bør merka av i kalenderen!
Vamp har i alle år vore eit populært band i vår region, og me er spesielt stolte over at bassisten i bandet heiter Kjetil Dalland og er vaskekte tysnesing.
Billettar kjem i sal fredag 18.november klokka 09.00! Det er berre plass til 600 publikummarar på Solstråleøya, så her må folk kjenna si besøkelsestid og bestilla før det er for seint!

Litt praktisk informasjon:

  • Me har leigd inn hurtigbåt som går fire turar frå Våge kai. Billetten til denne er inkludert i prisen.
  • Kjøper du billett til TUR 1 er dette første båt ut, og første båt tilbake etter konsert.
  • Kjøper du billett til TUR 3 er dette tredje båt ut, og tredje båt tilbake etter konsert.
  • Det vert ikkje mogelegheit til å ligge med eigen båt ved Solstråleøya konsertkvelden, men av- og påstigning kan ein gjere i sørenden av øya. Billettprisen vert ikkje billigare om ein kjem seg ut på eigenhand.
  • Ta med deg sitjeunderlag då det ikkje er benkar til alle.
  • Billett scannas på vei ut, og skal visas igjen for å koma ombord i rett rekkefølge på returen.
  • Det vert sal av drikkevarer og mat på Solstråleøya, og inkludert i prisen for konserten er eit minneglas i hardplast. Dette glaset får du til odel og eige, og alle må anten ta det med seg heim igjen eller kasta det i bosset når ein dreg frå øya.

Vamp er denne hausten ute på ein 30 konsertar lang turne i vårt langstrakte land. Med seg på turneen har dei det nye albumet «Populas», som blei sleppt i slutten av september.

Vamp har eksistert i 25 år. Dei har gitt ut 13 album og er belønna med ei rekkje prisar, mellom anna fem Spellemannsprisar, Prøysenprisen, Gamlengprisen og Rogaland fylkes bragdpris. Dei har til saman selt godt over ein million plater og den  mest kjente låten «Tir n’a Noir» er spelt over sju millioner gonger på Spotify.

På Tysnesfest gler me oss til gjensyn med slagerar som «Tir n’a Noir», «Månemannen» og «Liten fuggel». Vamp vitja Tysnesfest sist i 2013.