To nye storheiter er klare for Tysnesfest 2017!

Dansk rockegud og ex. Kaizer Orchestra-frontfigur er klar for Tysnesfest 2017!

kimlarsenkjukken2017b-fotomortenrygaardKim Larsen er i haust på turne i Danmark. Heile turneen blei utseld på nokre dagar, og no er det klart at 71-åringen reiser ut på vegen igjen til sommaren.
Larsen var på 70-talet vokalist og frontfigur i Gasolin, som framleis er rekna som eit av Skandinavias største rockeband. Med seg i bagasjen på sommarens turne har han garantert Gasolin-slagarar som «Hva gør vi nu, lille du», «Rabalderstræde» og «Kvinde min». I tillegg får me høyre masse anna frå hans meir enn 45 år lange karriere.

Dansken gjesta Tysnesfest sist i 2012, og mange har spurt om me kan invitera han tilbake. Me er difor veldig glade for å få sjå Kim Larsen på Gjerstad arena også i 2017.

Kim Larsen har i heile 2016 jobba med innspeling av nye låtar, og eit nytt album er venta våren 2017. Singelen «Moder Jord» er allerede lansert og har fått god mottakelse.

For 20 år sidan danna Larsen bandet Kjukken, og saman har dei gitt ut ni album og gjort eit meget høgt tal konsertar i heile Skandinavia.  Kjukken består i dag av Karsten Skovgaard (gitar), Jesper Haugaard (bass), Jens Langhorn (trommer) og Jørn Jeppesen (gitar).


Ex. Kaizers Orchestra-vokalist Janove Ottesen legg turen innom Tysnesfest på sin sommerturne.

30. januar 2016 inntok Ottesen Spellemann-showet i Oslo Spektrum. Det blei den etterlengta premiera på den storslåtte og catchy låten «Regnbyen treffer oss ikke lenger», som samtidig opna dørene for ein helt ny tekst-verden for frontfiguren frå Kaizers Orchestra. I vinter legger Janove ut på Noregsturne med eit heilt nytt album og eit fantastisk liveshow.

Janove fått med seg gamle venner som utgjer et stjernelag med nokre av dei ypparste musikarane i Noreg og Sverige. Det er Børge Fjordheim (trommer), Micke Lohse (tangenter), Gulleiv Wee (bass) og Mattias Hellberg (gitar).

Janove Ottesen kan alt sjå tilbake på ein imponerande karriere. Saman med Kaizers Orchestra vann han mellom anna Stavanger Aftenblads kulturpris, Norsk Artistforbunds Ærespris, Edvard-prisen for populærmusikk, Årets spellemann, Spellemannprisen for årets gruppe, Spellemannprisen for årets musikkvideo og Alarmprisen for beste liveband. Samtlege av bandets åtte studioalbum nådde førsteplass på VG-lista mellom 2001 og 2012. Men no er det solokarrieren til Janove Ottesen som gjeld.