Cezinando!

Stjerneskotet Kristoffer Cezinando er klar for Tysnesfest!

Han har vore eit heitt namn i norsk musikkliv ei god stund no, og han slapp sin fyrste EP «Cez 4 Prez» når han var berre 16 år. 2015 vart eit innhaldsrikt år der han fekk radiolista singlane «Sykt Jævla Kult og «€PA»  men det var i 2016 karrieren hans verkeleg tok av.

Han vart kåra til «Årets urørt» under By:Larm 2016, kåra til Årets nykommar av P3 Gull, kom med nytt album i juni,  «Botanisk hage» hadde sin premiere under Gullruten 2016 og han har elles vore høgt på spelelistene til mange radiokanalar.

Cezinando blir omtala som ein rappar som skil seg ut i mengda både når det kjem til melodi, flow og veremåte.

Han skal spela på Tysnesfest laurdag 15. juli 2017!