Astrid S

Rykande fersk vinnar av Spellemannspris; Astrid S er klar for Tysnesfest!

Det er nok å seie «Hurts so good» når ein skal beskrive Astrid S! Megahiten har herja spelelistene sidan den kom ut i mai 2016.  I juli er ho klar for Gjerstad Arena.

Astrid Smeplass vaks opp på den lille plassen Berkåk, med under 1000 innbyggjarar. Allerede som seksåring begynte ho å spele piano, og tidleg i tenåra skreiv ho sine første låter. Ho vart for alvor kjent for det norske musikkpublikummet då ho blei nummer fem i idol i 2013.

Laurdag 28. januar i år vann ho Spellemann i kategorien «Årets nykommer»! Me gratulerer!

Ho hadde stor suksess med debutsingelen «2 AM», som mellom anna vart Årets låt i P3 Urørt i 2015. Ho vart også Årets nykommer i same konkurranse.

I skrivande stund er signaturlåten «Hurts so good» strøyma over 110 millioner gonger på Spotify, og ho vant to priser under P3 Gull i 2015: årets nykommar og årets låt for «2 AM».