Hotell Tysnesfest: Skoleskipet Gann

145 doble lugarar der 70 av desse er tilgjengelig for publikum! Ver kjapp ute, så kan du sikra deg behagelig overnatting midt i festivalen! 

Tysnes Kommune har ca. 2 800 faste innbyggjarar, og me har ikkje veldig mange faste overnattingstilbod for tilreisande. Dette merkar ein spesielt når eit arrangement som Tysnesfest går av stabelen der det blir selt over 27 000 billettar! 
Me prøver så godt me kan å gje eit tilbod til alle dei som ikkje har venner eller bekjente med hytte eller hus på Tysnes. 

Ein egen festivalcamp blir oppretta, Våge hamn blir bygd ut for båtfolket og me leiger inn MS Gann som er eit 108m langt hotellskip.


 MS GANN: 
Me har i år fått tak i eit skikkeleg flott hotellskip! MS Gann vert liggande til kai under årets festival, og her har me 70 doble lugarar tilgjengeleg for publikum. 
Kvar lugar har eige dusj og toalett, og frukost i skipets flotte restaurant er inkludert i prisen. 

Det er ikkje mogleg å velga ein spesifikk lugar, og desse vert tildelt etter førstemann til mølla prinsippet.

Pris:
(Prisen er pr. lugar, og på kvar lugar kan det sove 2 personer)
6 890kr pr lugar frå Torsdag til søndag. Ink. frukost
Skal du berre bu ei eller to netter, er prisen 2500kr pr lugar, pr. natt ink. frukost.


Me har hatt hotellskip dei to siste åra, og desse har alltid blitt fullbooka, så her vert det rift om lugarane.
Ver ute i god tid for å sikre deg overnatting!
 

Bestilling av lugar gjer du her: Billettar

HER kan du sjå flotte panoramabilder frå interiøret til skipet!