Alan Walker kjem til Tysnesfest

I september var han fyrste norske artist som fekk over ein halv milliard spelingar av sin eigen låt på Spotify. No er Alan Walker klar for Tysnesfest!

19-åringen frå Fana har gjort ei lynkarriere. Han er født i England, men har budd i Fana utanfor Bergen mesteparten av sitt liv. I desember 2015 blei han verdskjent med singelen «Faded», som i skrivande stund er strømma nærare 600 millionar gonger på Spotify, og nesten 1 milliard gonger på Youtube.

Me har jobba lenge og hardt for å få dette til, og er fantastisk stolte når me no kan sette Walkers namn på plakaten for Tysnesfest 2017.
Tysnesfest blir ein av svært få moglegheiter til å få oppleva konsert i Norge med elektronika-kometen!

I tillegg til signaturlåta «Faded» er Alan Walker mellom anna kjent for store hits som «Alone», «Sing me to sleep» og «Spectre».

I vinter skal Alan Walker turnere i storbyar som Amsterdam, Paris, Brussel, London, Milano og Munchen. Laurdag 15. Juli er han klar for Tysnesfest. Me gler oss allereie!

Her kan du sjå nokre klipp frå hans fantastiske asiaturne hausten 2016: