Lothepus kjem til Tysnesfest!

Sjølvaste vinnaren av Farmen Kjendis, og mr. Fjorden Cowboys tek med seg bandet sitt til Tysnesfest i sommar.
TV2 fekk igår det norske folk til å tru at Lothepus skal opptre for 9000 fans på Koengen i sommar. Dette var nok ein liten bløff. Konserten i Bergen skal gå føre seg på Bastionen scene, som har eit tak på 3000 tilskodarar. På Gjerstad arena derimot, har me ein kapasitet på 7200. Så sitt største livepublikum i 2017 kan Lothepus møta på Tysnesfest!

Då Lothepus vann finalen i Farmen Kjendis, var det med det desidert høgaste sjåartalet på nokon Farmen-finale med heile 1,5 millionar sjåarar. Farmen Kjendis er og blitt den største TV2-suksessen gjennom tidene med eit snitt-tal på nærare ein million igjennom heile sesongen.     

Slik popularitet gjer og til at serien om Lothepus og livet han lev; Fjorden Cowboys har fått seg ein real oppsving. Sjåartalet har dobla seg etter at Farmen Kjendis byrja å ta av.

Me veit frå før at Lothepus er populær. Då han var her for fyrste gong i 2014 og spela i Bermudateltet, stod det lang kø før dørene opna, og han spela for eit smikkfullt telt.
Han har ein stil og væremåte som mange både kjenner seg igjen i, og set pris på. Ein verkeleg solid harding som har sett Odda, Hardanger og heile Vestlandet på kartet.
Torsdag 13. juli er han eit av dei fyrste banda på scena på Gjerstad Arena, og me gler oss til å sjå mykje folk og god stemning!

Lothepus gav ut sitt fyrste album «Sallaren» allereie i 2009, og fylgde opp med «Cowboyhjarta» i 2014.