Rekordsal av billettar

Det er framleis vinter og over fire månader igjen til Tysnesfest 2017, men salet av billettar har allereie nådd «sommarnivå».

Me la ut «earlybird» billettar i to omgangar til festivalen. Dagen etter at Tysnesfest 2016 vart runda av la me ut ein del billige festivalpass, og alle forsvann i løpet av ein halvtime. Når me køyrde same stuntet igjen litt nærare jul skjedde det same; alle billettane forsvann i løpet av kort tid.

Når me no ser at dagsomsetninga på billettar allereie har nådd same nivå som me plar ha i mai/juni til vanleg, er det berre til å slå fast at det også i år ligg an til å bli fullt.

Laurdagen i 2016 måtte me stenga dørene på 7200 personar på Gjerstad, og rundt 500 måtte snu i døra utan å få koma inn. At me vart utselt i fjor gjer nok sitt for at førehandssalet går så mykje betre i år.
Ein anna faktor er at me utvilsamt har treft godt med programmet til festivalen.

Det er utruleg kjekt å sjå at publikum set så stor pris på programmet for i år, og me føler
absolutt at me har det sterkaste festivalprogrammet nokosinne.  Me merker ei stor auke i aktiviteten når me slepp nye artistar, og både dagspass og festivalpass går unna som varmt kveitebrød.

90% av billettane til konserten med Vamp på Solstråleøya er seld, og nær halvparten av billettane til kyrkjekonserten med Sigvart Dagsland og Karoline Krüger i Onarheim Kyrkje er rivne vekk. 
Det er framleis god plass på overnattingsfronten, men me ser og heilt tydeleg at det kjem mange tilreisande til festivalen, for både camp, hamn og «MS Gann» er begynt å fylla seg godt opp.

Det er framleis godt med billettar igjen til dei fleste arrangementa, men folk må nok vera tidlegare ute enn før for å sikra seg tilgang til Tysnesfest 2017!

Til no er fylgjande artistar lansert til årets festival: Alan Walker, Highasakite, Amy Macdonald (UK), Sivert Høyem, Astrid S, Staysman&Lazz + Katastrofe, deLillos, Kim Larsen, Storm Weather Shanty Choir, Janove, Cezinando, Vamp, Lothepus, Vazelina Bilopphøggers, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, Sophie Elise-Vegard Harm og Joakim Kleven, Gunslingers, Ausekarane, Familieforetaket og De Musikalske Dvergene