Ta sjansen og Tysnesfest Grand Prix

Ta Sjansen og Tysnesfest Grand prix klar for påmelding!

Har du lyst på ein sosial kveld i lag med gode kollega’er eller vener no i vinter? Hiv deg rundt med hammar og spiker slik at du er klar til å bli med på artige aktivitetar under festivalen!

På marknadsdagen fredag 14. juli, under Tysnesfest 2017 blir det som alltid kassabil-løp.
Dette er vår viktigaste tradisjon som er svært populær i alle aldrar.

Me har 2 klassar i Tysnesfest Grand Prix:
-”Tysnesfest Open”-klasse der me premierar for raskaste bil, finaste bil og sjarmørpris
-”Tysnesfest Mesterskap”-klasse der vinnaren(raskaste bil) blir meld på til NM i kassabil i Oslo.

Påmelding her.

 

Aldri har det vore samla så mykje folk på marknadsdagen vår, som når Ta Sjansen Tysnesfest går av stabelen. Dette er rett og slett eit kjempe-eventyr. Om du har lyst til å «fly» ut i Våge hamn, så er det berre å hiva seg rundt, og bygga seg klar! Ta Sjansen 2017 går av stabelen laurdag 15. juli!

Ta sjansen var som mange hugsar ein svært populær sommaraktivitet som føregjekk i Besserudtjernet, Holmenkollen, der det var om å gjera å konstruera ein fantasifull farkost/båt som skulle finna raskaste vegen frå rampa og ut til staken for å ringja i bjølla. Tysnesfest Ta sjansen-rampa er klar, og du er herved utfordra til å delta.
Finn fram kreativiteten og lag deg ein spanande farkost som kan gje deg og publikum ein kjempehending under Tysnesfest 2017
Påmelding her.