The Waterboys (UK)

Legenda Mike Scott tek med seg sitt framifrå musikar-ensemble til Tysnesfest i sommar!

The Waterboys har alltid vore eit utmerka live-band, og Mike Scott sitt store mål har vore at dei ikkje skal være repetitive. Mengda skiftande bandmedlemar har og ført til stadig nye versjonar og nyansar i lydbiletet, kor spelelister og låtar er i konstant endring, akkurat slik som The Waterboys sjølv.
Bandet sin største hit var ”The Whole of the Moon” som kom ut i 1985 og etter sitt tredje album ”This is the Sea”, segla The Waterboys opp som bandet som kunne vippa sjølvaste U2 av trona som det verkeleg store bandet i Storbritannia. Ulikt dei fleste andre artistar som grip sjansen til kommersiell suksess, gjekk Mike Scott heilt andre retningar. Hans dedikasjon til å halda seg til si eiga musikalske reise, førte til at det blei produsert få musikkvideoar, og det vart dermed lite promotering via ulike musikk-kanalar og MTV.

På Tysnesfest kan publikum rekna med å få høyra dei legendariske hitsa ”The Whole of the Moon”, “An Appointment with Mr. Yeats”, “Modern Blues” og ikkje minst “Fisherman’s Blues”, ein av deira aller største hits. 

Bandet har dei seinare åra blitt covra av andre artistar og det er kanskje ikkje alle som veit at for eksmepel Ellie Goulding – hiten ”How Long Will I Love you”, originalt er ein Waterboys-låt.

– Alle burde unna seg konserten med The Waterboys. Dei er levande legender, som har inspirert ein heil generasjon av musikarar. Me er veldig stolte av denne bookinga, og reknar med at eit breitt publikum vil setja stor pris på denne opplevinga!

The Waterboys går på scena torsdag 13. juli!