Her kjem siste store artistdryss!

Trudde du me var ferdige med årets artistslepp? Tru om att. Her kjem eit nytt knippe godbitar som er klare for Tysnesfest 2017!

 

Daniel Kvammen

Etter eit eventyrlig debutår i 2015, der debutalbumet «Fremad i alle retninga» og monsterhiten «Du fortenar ein som meg» sette Daniel Kvammen for alvor på det norske musikk-kartet, er det no klart for meir Kvammen. Med eit hundretal konsertar i heile Norge, deriblant utselde klubbkonsertar og kritikarrosa konsertar på Øyafestivalen, Slottsfjell, by:Larm, Pstereo og ein rad andre festivalar, har Kvammen og hans fantastiske band opparbeida seg eit svært så solid rykte. Fyrste smakebit på Kvammens kommande album var singelen «Me dansar ikkje for moro skyld», som blei Ukas låt av NRK P3 og samtidig også lista på NRK P13. Kvammen og produsent Even Ormestad har kokt i hop eit herleg brygg på albumet «Vektlaus», kor ”soundet” har tatt ein meir elektronisk retning enn på debutalbumet. Kritikarane har hylla plata opp i skyene, med femmarar og seksarar over heile linja.

Fredag 14. juli er Kvammen klar for Gjerstad arena.

 


Morgan Sulele

Morgan Sulele har ikkje berre kapra mange ungpikehjarter rundt om det ganske land, han har også kapra listeplasseringar med sine supercatchy låtar. Han starta like godt med å toppe iTunes, Spotify og Tidal, og ikkje minst tok han førsteplassen på VG-lista og blei der i heile seks veker sommaren 2015 med debuthiten «Bare Min». Sidan då har han rukket å strøyma til 18 gonger platina og to gonger gull (fordelt på 8 låtar) på under to år, med mellom anna «Lakenet» og «Jeg vil heller ha deg» som han ga ut i samarbeid med Innertier.

Han har totalt 53 veker på VG-lista samanhengande og med over 60 millionar streams på Spotify aleine er Morgan Sulele ein av Norges desidert mest streama artistar dei siste åra. I 2016 reiste han landet rundt med DJ og gitarist, og i år har han samla eit eige liveband beståande av musikarar som tidlegare har spilt med Siri Nilsen, Bebe Rexha, Karpe Diem, Robin & Bugge, A1 m. fleire.

Du kan oppleva Morgan Sulele på kaien i Våge på dagtid laurdag 15. juli.


Elsa & Emilie

For tre år sidan sjarmerte to 16 år gamle jenter fra Haugesund den norske musikkverda. Med karakteristiske harmoniar og lydbilete skilde dei seg frå alle andre. Debutalbumet «Endless Optimism» fra 2014 vart Spellemann-nominert, fekk tung speletid på radio, og blei også spelt ein rad gonger på TV. Singelen «Run» frå TV-serien Skam, er strøyma over tre millionar gonger.

No er Elsa & Emilie tilbake med ny musikk. Duoens andre album «Kill Your Darlings» kom ut 20.januar. Eit album frå Elsa & Emilie, skrevet av dim sjølve og produsert av Kristoffer Bonsaksen frå Propeller Music (Emilie Nicolas, Lugn, Bendik, Highasakite).

Elsa & Emilie skal spela på Gjerstad arena torsdag 13. juli.


Kløver og Skarre R

Kløver og Skarre R er ei rappgruppe frå Bergen. I førsteåret som gruppe spela dei nærare 300 konsertar på store scener som Oslo Spektrum, Norway Cup, Grieghallen, Stavanger Konserthus og Olavshallen.

Sidan gutta er halvt bønder og halvt fra byn, resulterte dette i deres første singel og musikkvideo «BondeGangster». Sommeren 2014 lagde Kløver og Skarre R Bergens største musikkvideo til låten ”Null Null Stress”. Produksjonen inkluderte over 200 menneske. Kløver og Skarre R blei stifta i 2010 og skal spele på kaia i Våge fredag 14. juli på dagtid.


Microbandet

Microbandet består av Kjersti Døssland (Yamaha-synth) og Brit Aksnes (gitar) som i over fem år har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Dei vel ut nye og gamle klassikarar og framfører dei med stor innleving og nesten reine harmoniar innimellom. Mottoet «ingen forventningar» innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo. Microbandet skal spela på Mandelhuset


Sassy Kraimspri

Stavanger-baserte Sassy Kraimspri har markert seg som eit eksplosivt, tight og habilt liveband. Inspirert av Black Sabbath, Beastie Boys og Billie Holiday har dei turnert i mellom anna Kina, USA, Canada, Tyskland og Storbritannia.

Sassy Kraimspri kan du oppleva på Gjerstad arena fredag 14. juli.


Nicolai Leganger

Tre gonger om dagen byr me på intimkonsert med viserockaren Nicolay Leganger, som kom med sin debut-CD i år.  På nokre av konsertane inviterer Nicolay også med en gjest som skriver låter. Det kan bli ein av artistane på Tysnesfest, eller andre kjente.  Der vil artistane snakke litt nærmare om nokon av låtane sine, og om prosessen. Publikum kjem derfor tettere på, og kanskje får man læra noko om låtskriving? Nicolay Leganger blei oppdaga av Lars Martin Myhre, som seier «Jeg oppdaget en ny, sjelden plante i Guds låtskriverherbarium». Myhre plukka ut 10 låtar, samla eit lag av sine beste musikalske venner og produserte «KjÆRLIG TALT», som ble utgitt i mars. Resultatet er eit album med norsk viserock, med inspirasjon fra blues, jazz og latin.

Nicolay Leganger skal spele i flytenaustet i Våge.  


ORBO & Gina

ORBO & GINA lanserar eit nytt konsept i 2017. Vestlandsartistene har turnert land og strand i meir enn et tiår, frå Los Angeles til Longyearbyen. Dei har bak seg ei rad plater kvar for seg, og i vår kjem ein ny singel og video der dei to vokalistane endeleg går saman. Superbandet består av: Ole Reinert Berg-Olsen (ORBO), Gina Aspemes, Reidar F.Opdal, Marius Erster Bergesen, og Pablo Tellez.

ORBO og Gina skal spele på cruise på Bjørnefjorden som har avgang frå Våge, fredag 14. Juli