Godbitar for dei yngste!

Tysnesfest er ein festival for heile familien. Her kjem eit utval programpostar som er for den yngre garde.

Plutselig Sirkus

Prøv deg som sirkusartist, lytt til eit spennande eventyr – eller kva med ein tur i musikkteltet for ein liten musikkimprovisasjon med nokre musikarar? Plutselig Sirkus kjem til Tysnes! I våre tre telt kan du sjå spennande show og aktivitetar for store og små. Saman med våre instruktørar, blir borna leda inn i ein kreativ landsby, der dei sjølv får prøva seg som musikarar og sirkusartistar, og la seg fortrylla av magien i sirkusets verden. Dette passar både for små og store born, ungdom og vaksne. I løpet av dagane vil publikum også støyta på ein forunderlig og morsom gjøglertrupp, som framfører sine spektakulære kunstar og musikk utanfor telta. Det blir fengjande rytmer, gripande historier, og moglegheit til å læra seg nye triks med blant annet rokkeringar, diablo og sjongleringsballar!


Folk og røvere i Kardemomme by

Kasper, Jesper og Jonatan er klare for Tysnesfest! Nye Fyllingsdalen teater har laga ein spesialtilpassa versjon av Egner-klassikaren «Folk og røvere i Kardemomme by». Her blir det eit kjært gjensyn med dei kjente og kjære figurane frå Torbjørn Egners eventyrunivers. Fyllingsdalen teater har spela dette stykket meir enn dei fleste andre teater i Noreg. Denne gongen er det regissør Jason Moore som styrer skuta. Han har tidlegare hatt regi på suksessforestillinger som «I Blanke Messingen» og «En Julefortelling» på teateret. Han lovar ein skikkelig festforestilling, med masse fin musikk og mange rare sprell. Du kan sjå Folk og røvere i Kardemomme by i Våge på dagtid laurdag.


Gullgalne Gruella og jakta på piratane

Den frykta sjørøvardronninga Gullgalne Gruella er på ny i Tysnes sine farlege farvatn. Sjørøvarkapteinen Gruella er ein uredd seglar. Ho har herja på dei sju hav til alle tider, og står ikkje i vegen for å forlanga at mannskap går planken. Det mytiske og mystiske sjørøvarikonet svevar over vatna, og dukkar opp når ein minst ventar det.

Men fleire farar trugar i den mørke horisonten. Det ryktast at det er fleire sjørøvarar i farvatna som har fått ferten av at det ligg gjeve skattar langs Tysneskysten. Den slue piratmatrosen Ekle-Leif har gjort mytteri, og Gruella må no segla sin eigen sjø.

Gruella er på jakt etter ramsalte piratar frå Tysnes som kan hjelpa ho å befesta sin posisjon som den rammaste sjørøvardronninga på dei sju hav.
Gullgalne Gruella og Ekle-Leif skal ut i heftige sjøslag ombord i Loyal og Seladon fredag 14. juli klokka 12.00 og 14.00. Nederste aldersgrense 4 år. 

 

 


Heavykatten

I denne familieførestillinga får du eit musikalsk møte med figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip, kjende frå fleire bøker av Roald Kaldestad.

Førestillinga er laga av Kaldestad i samarbeid med musikarane Stig Lundblad-Sandbakk og Roy Ole Førland, og bygger på figurane som Kaldestad har skrive fire bøker om. Førestillinga hadde premiere på Hamar i mai 2007, og har seinare blitt framført på skular over heile landet med stor suksess. Den har også blitt spela på ei rekke festivalar, bl.a Litteraturfestivalen på Lillehammer, Bergenfest, bLest, Litteratursymposiet i Odda, Festspillene i Elverum, Falturiltu, Dei Nynorske Festspela, Bygdalarm, på Barnas Hus i Bergen og Litteraturhuset i Oslo.

Du kan sjå Heavykatten i Bermudateltet torsdag føremiddag.


I tillegg til alt dette, stiller Bergen Byspill med omkringgåande gledespiker og popup-teater, og Bergstrøms Tivoli er som vanleg på plass ved Coop/Esso, samt inne på konsertarenaen på Gjerstad.