Ein siste artist inn i programmet!

Kjartanismen kjem til Tysnesfest! 

Straight outta Sognefjorden kjem unge Kjartan Lauritzen, heile Noregs nye store rap-forelskelse. No har han akkurat gått av scena på Bergenfest, og vår utsendte «spion» melder tilbake at me kan gle oss til ei heilsprø oppleving laurdag 15. juli når kjartanismen inntek Tysnesfest!
Me såg Kjartan på scena for fyrste gong når han avslutta 100 Dagar på Stord i 2016, og skjøna med ein gang at han her måtte me få tak i. Kjartan lagar rapmusikk med ein god porsjon sjølvironi og rar humor, noko som kjem godt fram i hans nyaste EP «Fenomenet» som vart sleppt igår. Kjartan sine sceneshow er reinspikka galskap, stagedives og 100% overtenning!