Sola kom med Vamp

Sjølvaste Vamp på sjølvaste Solstråleøyo. Då kom sjølvaste sola fram og opna Tysnesfest!

Heile 750 glade festivalgjestar hadde teke turen ut til idyllen Solstråleøyo like ved Godøysund. Og for ei opning det blei!

Det hadde regna og vore gråver heile dagen, men Jan Toft og resten av Vamp gjekk på sceno var sola der som ved eit trylleslag.

Vamp blanda gamle slagerar med nytt materiale. Det er nytt av året at opningskonserten onsdagen er på Solstråleøyo, men dette vart ein knallsuksess! Publikum klappa og song med, og då Haugesund-bandet avslutta med perla Liten fuggel kokte det i amfiet foran den lille scena under i skogen.

 

 

 

 

ALLE FOTO: CAMILLA KORSNES