Sivert sjarmerte Tysnesfest-fjellet

Heile 2400 glade festivalgjestar tok turen til Tysnessåto for å oppleva Sivert Høyem torsdag føremiddag!

 

Det har vorte ein tradisjon under Tysnestfest å arrangera konsert på Tysnessåto, heile 753 meter over havet.

I år var det Sivert Høyems tur. Han hadde med seg gitarist Christer Knudsen, og dei leverte ein intimkonsert av dei sjeldne i dei majestetiske omgjevnadane. Dei to spelte og song låtar frå Høyems tidlegare band Madrugada og frå Høyems solokarriere.

Den gamle publikumsrekoren var det Lars Vaular som sette i 2015, då var det 1500 på Såto. I dag vart rekorden knust, heile 2400 tok turen til Tysnesfest-fjellet, som Sivert Høyem kalla det.

ALLE FOTO. CAMILLA KORSNES