7200 festa seg inn i julinatten

Aldri har me hatt så mange inne på Gjerstad arena ein fredagskveld før. Heile 7200 festglade folk tok turen på Tysnesfest i dag! For første gang vart også ein fredag utseld!

TØFL, Sassy Kraimspri, Delillos, Kim Larsen, Daniel Kvammen, Highasakite og Turbonegro sørga for at denne kvelden vil gå inn i historia som nok ein vellukka kveld på Tysnesfest. Men utan publikum blir det ingen fest.

Våre flinke fotografar Camilla Korsnes, Torstein Lund Eik og Peter Tubaas har nok ein gong vore ute med linsane sine og foreviga festen. Bla deg gjennom bildegalleriet og nyt!