Takk for i år!

Tysnesfest 2017 er historie. Den 11. festivalen blei eit eventyr med godt vêr, supre artistar, nydelege gjestar, og ikkje minst utruleg dyktige og arbeidsame frivillige. Tusen takk til alle!

Me har i år hatt sett ei ny, utruleg publikumsrekord: 32.233!
Vêrgudane var med oss heilt til dei siste timane på Gjerstad laurdagskvelden. Av omsyn til publikums sikkerheit valde med difor å avslutte festivalen ein time før planlagt. Dette beklagar me på det sterkaste, men tryggleiken til dei som er på festivalen er det aller viktigaste for oss.

Mens me allereie er i gong med planlegginga av neste Tysnesfest, kan du kosa deg med desse blinkskota frå laurdagskvelden på Gjerstad.

Me sjåast 11.-15. juli 2018!

(Foto: Camilla Korsnes, Torstein Lund Eik og Peter Tubaas)