Dei tre fyrste artistane er klare

Bigbang, Gåte og Adam Douglas kjem til Tysnesfest! Bigbang skal i tillegg til å spela på Gjerstad, gje deg ei magisk oppleving på Tysnessåto!

 

Welcome «To the Mountains»

Øystein Greni og hans Bigbang er utan tvil eit av dei største livebanda me har i Norge.
Det blir ikkje mange moglegheiter til å sjå Bigbang på scena i 2018, men her på Tysnes byr me faktisk på to konsertar. Bandet blir årets artist på Tysnessåto, og seinare på dagen kan du sjå dei på scena på Gjerstad.
På Tysnessåto har me hatt artistar som Oslo Ess, Lars Vaular, Sondre Justad og det heile vart toppa med meir enn 2400 publikummarar under Sivert Høyem sin konsert i 2017.
Me gler oss enormt te å ta imot Bigbang 753moh.

 

Gåte gjenoppstår!

Det er no 12 år sidan Gåte «gav seg», men no er dei tilbake i full vigør.
Gåte blei starta av søskenparet Sveinung og Gunnhild Sundli i 1999. Dei gjorde seg raskt bemerka ved å kombinera norsk folkemusikk med eksplosiv og progressiv rock. Spesielt i åra 2001 – 2006, da de gjennom spektakulære konserter, to studioalbum, to EP-er og ett livealbum, gjorde stor suksess. Dei selte meir enn 100 000 album, gikk til fyrsteplass på VG-listen, og ble tildelt fleire prisar, deriblant Spellemann- og Prøysenprisen.

 

Adam Douglas

Var du ein av dei over 1 millionar sjåarane som fekk med deg at Adam Douglas vann finalen i Stjernekamp 2017? Då skjønar du kanskje godt kvifor me har booka han til Tysnesfest. Eit sjeldan særpreg kjenneteiknar Adam sin musikk og fantastiske stemmeprakt, kor ein fort for assosiasjonar til dei ekte soul- og bluesrøtene i hans heimland USA.
Adam går på scena med fullt band og lovar eit knallshow fullt trøkk.