Statsraad Lehmkuhl til Tysnesfest

Me lanserer no eit heilt nytt konsept for våre tilreisande festivalgjester: Tysnesfest-cruise med «Statsraad Lehmkuhl»!

Det kan ikkje bli enklare: Torsdag 12. Juli pakker du festivalsekken. Midt i hjartet av Bergen stig du om bord i majestetiske «Statsraad Lehmkuhl». Seilskuta tar deg trygt og godt gjennom nydeleg skjærgard heilt til Tysnes, der ho legg til kai midt i Våge sentrum. Derfra er det gongavstand til Gjerstad arena og alle dei flotte konsertane våre. Du søv om bord i seilskuta. Når festivalen er ferdig blir du frakta heilt tilbake til Bergen sentrum, der du sundag 15. juli stig i land full av minner for livet.

Dette er så sutalaust som det er mogleg å få det. Du slepp å tenkje på bil, ferjetider og parkering. Du slepp å kava med å finne overnatting. Du kan berre kose deg glugg i hel på Tysnesfest.

Skuta har begrensa med soveplasser, og me reknar med stor pågang. Du bør difor være snar med bestillinga di. Det er mogleg å bestille berre transporten til/frå Tysnes om du vil det. 

  • Det blir «silent camp» og ingen sjøslag på kveldstid om bord. Nattero etter kl. 23.00.
  • Aldersgrense for overnatting er 25 år
  • KUN 70 Kapasitet for overnatting—løp og kjøp. Merk at ein bur i hengekøye i fellesrom/banjer på verdas vakraste skute. Det er særs gode dusj og wc fasilitetar og det vert servert nydeleg frukostbuffet kvar dag.

For å bestilla cruise til/frå Tysnes går du inn på http://www.lehmkuhl.no/hjem/program/seiltokt-og-skjaergaardsturer/

«Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta stålbark bygd i 1914. Ho har i alle år fungert som skuleskip, og har nyleg vore gjennom ei omfattande modernisering med mellom anna nytt og moderne sanitæranlegg. Soveplassane for skutas gjester er i hengekøyer på banjeren.

PS: Skulle du vere ekstra sugen på festivalopplevingar sumaren 2018, kan du allereie no tinga plass på «Statsraad Lehmkuhls» tokt til Trænafestivalen. Avreise frå Bergen er 1. juli. Etter retur til Bergen går turen vidare til Tysnesfest.