God jul frå Tysnesfest! Her kjem fire nye artistar

Susanne Sundfør, Miss Tati, Gardsbruk og The Vossa Rebels kjem til Tysnesfest 2018!

Noregs popdronning Susanne Sundfør

Susanne Sundfør kjem til Tysnesfest! Me er utruleg stolte over endeleg å ha fått napp hos eit av Noregs største popnavn.
«Dette var stor kunst. Stemmen til Susanne Sundfør er betre enn noensinne», slo BTs meldar fast etter sin utseld konsert med Sundfør i Grieghallen i september.

Susanne Sundfør har spelt både jazz og klassisk musikk, og har etter kvart kopla på mange element frå elektronika. Tekstane hennar handlar ofte om personlege opplevingar.
I 2015 fekk Sundfør tre spelemannsprisar for albumet «Ten love songs»: Årets popsolist, årets album og årets produsent. Ho var og nominert til årets låt for «Delirious».

I august slapp ho oppfølgjaren «Music for people in trouble», som Aftenposten omtala som ei skremmende vakker plate. Kritikertoppen kåra plata til årets beste album.
http://www.dagsavisen.no/kultur/musikk/arets-album-uten-trobbel-1.1071673
Blant Sundførs mest kjente låtar er «Reincarnation», «Kamiaze», «Undecover» og «The Brothel».

Susanne Sundfør speler på Tysnesfest fredag 13. juli.


Miss Tati

Endeleg er Bergens eigen, multikulturelle popdronning klar for Tysnesfest!

Miss Tati har vore eit velkjend namn på konsertar og festivalar i fleire år. I april i fjor varma ho opp for Sondre Lerche på Tysnesfest sin kickoff, og hennar opptreden der gjorde at me der og då ba ho koma tilbake i 2018.

Miss Tati er fødd i Portugal, men foreldra er frå Angola. Ho vaks opp i Setubal før ho flytta til Bergen som tiåring. Der har ho no etablert seg som eit av dei største stjerneskota. Ho skriv sine eigne låtar, og er inspirert av hip-hop og R&B.

Ho fekk sitt gjennombrot då ho var med i Urørt-finalen i 2015 saman med mellom anna Silja Sol. I tillegg til at Miss Tati varma opp for Sondre Lerche på 40 konsertar i fjor vinter og vår, spelte ho på ei rekkje festivalar landet rundt. Ho har mellom anna vore på Bylarm, Slottsfjell og Øya.                 
Blant Miss Tatis mest kjende låtar er «Don’t let go», «Here to stay», Bad habits» og «You got to».


Festcountry med Gardsbruk

Ein krysning av hav, olje og kruttslam! Slik omtalar Sotra-bandet Gardsbruk seg sjølv. Dei spelar country på dialekt, og det swingar! Me snakkar spreke gitarriff, god driv, humor og galskap. Tekstane gjenspeglar livet i bygde-Noreg.

Gardsbruk er no plateaktuelle med albumet «Møtting», og har meir enn ein million straumingar på spotify.

Bandet består av Knut Joachim Pedersen (vokal, gitar), Kåre Glesnes (gitarer, mandolin, lap-steel, banjo), Tor-Erik Rong (gitar), Jørn Austbø (bass), Morten Bergstrøm (trommer) og Kjetil Lynglund (munnspill, tangenter).


Verdas yngste rockabillyband!

The VossaRebels er ein rockabillykvartett der dei fire medlemmane er knapt 60 år. Til saman. Dei har spelt på Øyafestivalen, opptrådd på Balejazz og vore med på Norske Talenter!
Bandet er frå Voss, med Sondre Hegg på gitar og vokal, Eivind Dæmring Styve på trommer, Sondre Dæmring Styve på kontrabass, og Jakob Sjøtun på rytmegitar. Medlemane er frå 13 til 17 år.

Om Styve-namnet let kjend, så kan vi stadfesta at mykje av genene i bandet kjem frå legendarisk gitarist i Twang Gang, Erlend Styve. Bandet skriv eigne låter som du kjenner att frå ein periode der stil og brylkrem betydde alt. Musikken spelar dei med intens autoritet og innsatsvilje, og gitaren på nakken.

The Vossa Rebels skal spele på bluescruise fredag 13. juli.