The Prodigy!

Gjer deg klar for tidenes party på Gjerstad Arena når The Prodigy kjem til Tysnesfest!

The Prodigy vart rekna som pionerar innan elektronisk danse music. Dei vart etablerte allereie i 1990 i Braintree, Essex, og var eit av dei store navna i ravepartytida.

Saman med The Chemical Brothers og Fatboy Slim var The Prodigy eit av dei mest trendsettande banda på 90-talet med si særeigne miks av punk og tekno.

Britanes tekstar vart mange stader sett på som støytande, og videoen til «Firestarter» ble nekta vist tidlig på kveldane. Same skjebne fekk «Smack my bitch up». Dei fleste radiostasjonane nekta å spele låten. 
Nokre av deira mest kjente hits er «Firestarter», «Breathe» og «Smack my bitch up» som alle har nærare 40 millionar strøymingar på Spotify.

Både «Breathe» og «Firestarter» gjekk til topps på norske hitlister.

The Prodigy speler på Gjerstad Arena fredag 13. juli, og konserten blir den einaste på festival i heile Noreg i løpet av 2018!