Ausekarane kjem tilbake!

Det blir ikkje skikkeleg Tysnesfest utan show med Ausekarane i Bermudateltet.

Difor har me invitert Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av den galne gjengen til kvar einaste Tysnesfest dei siste åra. No kan me avsløra at dei kjem tilbake også i 2018!

Ausekarane er like glade i Tysnes som me er i dei. For nokre år sidan skreiv Tor Endresen ein song til øya vår då han sat og roa ned ute i Skiparvika ein sein nattetime. Året etter hadde «Tysnes» verdspremiere i Bermudateltet, og vakrare stund kan me ikkje minnast å ha vore med på. 

No kan du berre gle deg til gjenhøyr med «Måsa», «Fin i bikini», «Farande fant», «Ausedansen» og sjølvsagt verdas vakraste hyllest til Tysnes.

Showet gjengen kjem med i år blir eit spesiallaga «best of-show» til Tysnesfest.

Til hausten har karane premiere på sitt nye show «Ferjelaus og steik forbanna» på Ricks i Bergen. Er me heldige, får me kanske ein smakebit på noe av det nye materialet deira allereie når dei vitjar Tysnesfest i begynnelsen av juli.

Ausekarane består av Bjørn Jensen (sang/gjøgling/gitar), Tor Endresen (sang/gjøgling/gitar), Espen Vågstål (trommar), Tore Mæhle (bass/kor), Svein-Tore Hindenes (trekkspel/tangentar/kor) og Jan Arne Knutsen (gitar/mandolin/banjo).