Living next door to Gjerstad!

Det blir god, gammaldags 80-talsstemning når sjølvaste Smokie fyrer laus med alle sine store hits på Gjerstad arena.

Det er over 40 år sidan Smokie slo gjennom i Noreg med. «If you think you know how to love me”.

I 1976 slapp dei den eviglevande «Living next door to Alice», som låg heile 33 veker på toppen av VG-lista. Smokie fortsette med å levere store hits til langt ut på 90-talet. Dei er faktisk det bandet som har vore lengst på VG-lista gjennom tidene, med Beatles som ein god nummer to.

Sidan den gong er Smokie nærast blitt ein del av det norske språket. Alle veit kven dei er, og kjenner minst eit par av låtane deira. Dei har eit stort og trufast publikum over heile verda. Men Noreg er framleis eit av landa som betyr mest for bandet, og difor hald dei fram med å turnera her for å møte sitt entusiastiske publikum år etter år.

Smokie har solgt over to millioner album berre i Noreg. Til Tysnesfest kjem dei med alle sine store hits, samt ein del nyare materiale.

Smokie speler på Gjerstad arena fredag 13. juli.