Tre nye artistar klare for Tysnesfest

Randy Pavlock frå USA, Big Men Bluesband frå Tysnes, og Symra frå Tysnes, Stord og Bømlo


Randy Pavlock kjem heile vegen frå USA for å spela på Tysnesfest. 

Han har ein unik evne til å fanga sitt publikum, og speler blues rett frå hjarta. Randy har tidligare delt plakat med storheiter som Paul Rogers, Joe Bonamassa, Coco Montoya og mange andre. Under Tysnesfest kan du oppleva han på cruise med Statsraad Lehmkuhl fredag 13. juli der og The Vossa Rebels skal spela. 

“I believe music is guidance,” seier han. “My inspiration to write comes from things I have seen throughout my personal journeys and to putting myself in someone else’s shoes. Sometimes when we are faced with a problem we cannot solve and have no one to turn to, I believe the answer is in the message of song. After all, this is what inspires us to better our soul in this life long journey. I get a high, not from the attention of standing in front of an audience, but knowing I have reached out to someone in need. That is the best feeling that really cannot be explained!”


Symra er eit ekte rockeband som spelar sjølvkomponert, alternativ poprock.

Beståande av Øyvind Kleppe på vokal, Morten Engebretsen Stokke og Henrik vatle på gitar, Ole Martin Hauan på bass og Henrik Sebastian Epland på perkusjon har dei planar om å ta verda med storm. Ikkje berre spelar dei tøff rockemusikk, men dei spelar også på sjarm. Dei er fem mannfolk av størrelse Large, med slektskap frå både Tysnes, Stord og Bømlo.
Trass i dette, har dei veldig god kjemi, og er klare på å by på ei makalaus musikkoppleving på Tysnesfest. 

Symra skal ut som aller fyrste band på Gjerstad Arena i 2018, og går på scena torsdag 12. juli.


Bluescruise med Big Men Bluesband er ein av Tysnesfests stoltaste tradisjonar.

Sjølvaste MS «Midthordland» tar deg med på ei musikalsk reise i vår vakre skjærgård. Om bord kan du nyta heftige bluestonar og leske strupen med noko godt

Big Men Bluesband vart etablert hausten 2003, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest «tyngde» i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving.

Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Blues Band og ynskt dei velkomen att!

Big Men Bluesband har spela konsert på Tysnesfest i så mange år no, at me ikkje kunne unngå å invitera dei til vår tolvte festival. Bandet er tydeleg inspirert av artistar som Steve Ray Vaughan, John Mayall, Eric Clapton og Peter Green, og dei har også ein del eigenproduserte låtar.

Big Men Bluesband skal spele på to bluescruise laurdag 14. juli.