Hurtigbåt med direkteforbindelse til Tysnesfest

I fjor starta Det Midthordlandske Dampskipsselskab AS opp direkterute frå Strandkaiterminalen i Bergen til Tysnesfest. Dei gjentek suksessen og utvider med fleire avgongar, blant anna Leirvik og Austevoll.

I år går det hurtigbåt frå Strandkaien i Bergen via Hufthamar på Austevoll til Tysnesfest fredag og laurdag, og frå Leirvik via Bømlo og Fitjar til Tysnesfest laurdag. Her blir det heilt sikkert fullt, så ver kjapt ute med bestillinga di! Det går og båt til/frå Os, og denne ruta blir operert av MS Midthordland torsdag, og hurtigbåt fredag og laurdag. 

Kjem du frå Ranavik/Sunde kan du ta hurtigbåten som går i vanlig rutetrafikk til Leirvik, så tek du den same båten vidare til festivalen. Obs: På returen går båten berre til Sunde, ikkje Ranavik.

Billettar til Bergen-Austevoll-Os-Tysnes kjøper du her.

Billettar til (Sunde-Ranavik)-Leirvik-Fitjar-Tysnes kjøper du her.