Borna sin Tysnesfest

Tysnesfest skal alltid vera ein stad heile familien kan finna noko kjekt, og her kjem eit knippe av tilbuda me har for dei yngste!

Trykk her for komplett programfalder til festivalen.

Klovnen Lille og musiker Almir

Torsdag, fredag og laurdag kan du treffa på Klovnen Lille og musikeren hans Almir som går rundt i Våge Sentrum og ser på folk og fe frå eit litt anna perspektiv. 


Circus Laboratory

Circus Laboratory har vore hos Tysnesfest før, og dei var så flinke at me ville invitera dei igjen. 
Styltefigurar er spanande å sjå, morosame å møta og dei er nesten 3m høge! Ta kontakt om du ynskjer ein ballongfigur å ta med deg heim. Torsdag, fredag og laurdag i Våge Sentrum


Du og jeg og vi 2 – 3 – 4

Du og jeg og vi 2 – 3 – 4 (med klapp på 2 og 4) er ein «groovy» bornekonsert for heile familien! Publikum får møta morsomme karakterar – som Regnskyen som ikkje føler seg heime noko anna stad enn i ørkenen og Rotta Ronny som er lei av kebab og aller helst vil ha sushi.

​Trioen blandar sjangrar og leikar seg med improvisasjon, fokuserer mykje på humor og rytme – og vil gjerne læra alle verdas born kunsten å klappe på 2 og 4. Dei har og med seg mange rare instrumenter når dei drar ut på tur, og kanskje er ein heldig og får prøve etter konserten.​Konserten passer best for aldersgruppa 2 – 12 år og varer i ca 30 minutter. Bermudateltet torsdag klokka 12.00


Sykkelshow

Eirik Ulltang er 4x noregsmeister i trialsykling, og er den einaste i verda som har «hoppa Svolværgeita» 
Fredag og laurdag under festivalen tek han med seg sin gode kompis og teamkamerat Joachim Skjærvestad og viser kva ein kan gjera med syklane sine. Fredagen blir det show, og laurdagen blir det både show og kurs for dei som vil læra seg litt om sykkelkunsten. 


Sjørøvarcruise på fjorden

Galeasen Loyal blir arena for sjørøveri og fantestrekar. Bli med på cruise på fjorden der du kan læra deg kva som skal til for å bli ein ekte pirat! Fredag klokka 12 og 14


Bergstrøms Tivoli

Tradisjon tru blir det tivoli alle dagar under festivalen. Bergstrøms tivoli opnar klokka 12.00 alle dagar. Her blir det alt du kan tenkja deg av både attraksjonar, sukkerspinn og ei herlig røre med liv. 


Good Time Charlie – Jubelblues – Ein konsert med snert!

Good TIme Charlie har stort engasjement for bluesmusikk, og med konseptet Jubelblues har dei truffe innertiar i det å spele blues for born i alle aldrar. Jubelblues er gøy for små og store, og bandet har ein unik evne til å skape god og kreativ kontakt med publikum.
Konserten blir på marknadsscena fredag klokka 14.00


Parade

Laurdag klokka 11.30 skjer det noko som ikkje har skjedd på Tysnesfest før. Då blir det stor parade med musikarar, klovnar, swing-dansarar og mykje morro! Hugs å gjer deg klar for parade hjå Helene frå Orkidèen frisør frå klokka 11.00 ved Ta Sjansen-rampen.


Aladdin

Nye Fyllingsdalen Teater kjem i år for å framføra «Aladdin». Dei har laga ein eigen skreddarsydd førestelling til Tysnesfest med fokus på humor, spenning og musikk. Her får du møta alle dei kjente og kjære karakterane som Ånden i lampen, Jafar, Sultanen, Jasmin, og sjølvsagt Aladdin. Teateret er på marknadssena laurdag klokka 12.00


Ramnanuten opp

Onsdag under festivalen blir det også i år motbakkeløp for heile familien.
Registrering frå 12.45, og start av barneløp klokka 13.00 Her kan alle inntil 10 år delta, og alle får premie. Løpet går frå Essoen til Tysnes kyrkje og tilbake. For påmelding og informasjon: svingenpuls.no