Lucky Chops (US)

Sjansen for at du har sett Lucky Chops på ein eller anna Youtubevideo er ganske stor. No er dei klare for Tysnesfest!

Det er få artistar me har fått fleire henvendingar om denne vinteren, men me skjønar det godt, for eit meir energisk brassband skal du leita lenge etter. Dei har fått ein enorm suksess med sine artige versjonar av kjente hitlåtar som dei framfører på gata, på undergrundsstasjonar og på store konsertarenaar.
I 2017 reiste dei til og med på ein verdsturne som oppvarmarar for Gogol Bordello.

Me har invitert amerikanarane til Tysnesfest for fyrst å leda an paraden i Våge Sentrum laurdag, for så å spela på Gjerstad Arena seinare på kvelden. Gled deg til eit forrykande show!

Med røtter tilbake til New York City sin LaGuardia Arts High Scool, starta bandet med å underhalda på gatene i New York og på små scenar rundt i byen. Etter fleire år der dei utforska forskjellige musikalske retningar og stilartar, fann dei ut at dei hadde laga noko dei for alt i verda måtte halda fast ved. Misjonen deira er no blitt å fanga energien til eit rockeband og fusjonera dette saumlaust med det dansbare i eit EDM DJ-set. Dei tok med seg konseptet til ein av dei mest energiske, utviklande og kontinuerleg pulserande arenaar i heile verda; New Yourk sitt undergrunns-system.