Program for Statsraad Lehmkuhl under Tysnesfest 2018

Som dei fleste har fått med seg, kjem Statsraad Lehmkuhl til Tysnesfest 2018. Her kjem ein liten oversikt over programmet under festivalen.

Fyrst og fremst kan du reisa med Statsraaden frå Bergen til Tysnesfest og tilbake! 

Det kan ikkje bli enklare: Torsdag 12. Juli pakker du festivalsekken. Midt i hjartet av Bergen stig du om bord , og seilskuta tar deg trygt og godt gjennom nydeleg skjærgard heilt til Tysnes, der ho legg til kai midt i Våge sentrum. Derfra er det gongavstand til Gjerstad arena og alle dei flotte konsertane våre. Du søv om bord i seilskuta. Når festivalen er ferdig blir du frakta heilt tilbake til Bergen sentrum, der du sundag 15. juli stig i land full av minner for livet.
«Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta stålbark bygd i 1914. Ho har i alle år fungert som skuleskip, og har nyleg vore gjennom ei omfattande modernisering med mellom anna nytt og moderne sanitæranlegg. Soveplassane for skutas gjester er i hengekøyer på banjeren.

Skuta har begrensa med soveplasser, og me reknar med stor pågang. Du bør difor være snar med bestillinga di. Det er mogleg å bestille berre transporten til/frå Tysnes om du vil det. 

  • Det blir «silent camp» og ingen sjøslag på kveldstid om bord. Nattero etter kl. 23.00
  • ldersgrense for overnatting er 25 år
  • KUN 70 Kapasitet for overnatting—løp og kjøp. Merk at ein bur i hengekøye i fellesrom/banjer på verdas vakraste skute. Det er særs gode dusj og wc fasilitetar
  • Nydeleg frukostbuffet kvar dag.

Skjærgårdstur frå Bergen til Tysnes
Skjærgårdstur frå Tysnes til Bergen
Tokt til/frå Tysnes inkludert overnatting


Program for skipet under festivalen: 

Torsdag:
16.00 Ankomst Våge
Fredag:
11.00 Dagens Shanty
13.30 Cruise på Bjørnefjorden med The VossaRebels og Randy Pavlock (US)  Billettar kjøper du her.
Laurdag:
11.00 Dagens Shanty
11-18 Ope skip og mat/drikkeservering
11-13 Piratar, knop og stikk-kurs, tautrekking
14-16 Piratar, knop og stikk-kurs, tautrekking
Søndag:
09.00 Avgang Våge for retur til Bergen