Velkommen til Tysnesfest Festivalhamn!

Tryggleikssjef i Tysnesfest Tonje Aakre og hennar dyktige hamnevertar ynskjer deg hjarteleg velkommen til Festivalhamno 2018. Her er dei beste tipsa for eit vellukka opphald!

Har du tenkt deg i båt til Tysnesfest? Då er det lurt å vere tidleg ute.

— Me vil oppfordra gjestane våre om å tinga plass i hamno tidleg, seier ho.

Ein drøy månad før årets festival på Tysnes har Tonje mykje å gjera. Det er mange detaljer som skal på plass før me kan ynskje publikum, artistar, friviljuge og alle andre velkomne.

Festivalhamno er det første du ser når du kjem til Våge. Her ventar me 400 båtar i alle storleikar. Mange av båtgjestane våre er her kvart år, og veit at det er smart å vere tidleg ute.

— Ja, jo før folk kjem, jo betre er det, seier Tonje. Ho forklarar at under Tysnesfest er gjestehamno i Våge reservert for festivalgjestar.

Tonje og gjengen i tryggleiksgruppen vil vere på plass i hamno i god tid før festivalen startar. Frå og med onsdag kveld vil me og ha vektarar på plass døgnet rundt. Dette gjer me for å sikra tryggleiken til dei som bur i hamno, og for at ikkje uvedkomande skal få tilgang til båtane.

I år som i fjor må den som er ansvarleg for båten ha festivalpass til Tysnesfest for å tinga plass i hamno. Når du har kjøpt festivalpass på tysnesfest.no/billetter, kan du kjøpe tilgang til «Tysnesfest festivalhamn» for 500 kroner. Denne prisen gjeld uansett kor mange netter du vil ha båten i hamno.

Dei andre i båten må kjøpe «overnattingsgjest i festivalhamn» samt ha gyldig dagspass. Prisen på dette er 500 kroner pr person og gjeld uansett kor lenge du er her.

Me må vite storleiken på båten når du tingar, men det er same pris for alle båtar. Storleiken er viktig når me skal plassera båtane, me vil jo ha plass til flest mogleg.

— Me ynskjer alle velkomne til hamno. Men i tidsrommet 21-09 vil me ha adgangskontroll. Då er det berre dei som bur i hamno og har kjøpt billett til festivalhamno som får komme ut til båtane, fortel Tonje.

Ho har snakka med fleire av dei som budde i hamno i fjor. Dei fortel at det var ein trygg og god oppleving å vere gjest i festivalhamno.

No gler Tonje og hamnevertane seg til å ta i mot deg, kjære festivalgjest. Velkommen til festivalhamno den andre veko i juli!