Velkommen til Camp Tysnesfest!

Dei hyggjelege vertane på Camp Tysnesfest er snart klare til å ta i mot deg. Campen blir alltid full, så det er smart å tinga plass alt no!

Camp Tysnesfest har alt du kan drøyma om. Vannklosett, dusj, varme og kalde måltid og straum så du får lada mobilen.

Campingvertskapet Bård og May-Lill har drive campen så lenge campen til Tysnesfest har eksistert. I Uggdal, berre nokre få kilometer frå Gjerstad arena tek dei imot festivalgjestar frå heile landet.

 

— Me har plass til 1200 gjestar, og det er alltid fullt, seier Bård.

— Difor bør du tinga plass i dag. Dei siste åra vore fullbooka allereie før festivalen startar.

Billettsystemet på Camp Tysnesfest er det samme som i festivalhamno. Prisen er 500 kroner pr telt/bubil. Dette inkluderer ein person, og du tingar plass på tysnesfest.no/billetter. Dette gjeld også øvrige campgjestar. Dei kjøper «Gjest i bubil/telt», og prisen er 500 pr person. Prisen er den same uansett kor lenge du blir.

— Hugs at det går gratis shuttlebuss mellom festivalcampen og Gjerstad arena/Våge, seier Bård.

Han fortell at campen er oppgradert sidan i fjor.

— Me har drenert området betre, og bubilplassen har fått nytt dekke. I tillegg har me nye dusjar og toalett.

På kafeen i der resepsjonen også ligg, kan du kjøpe alle måltid du treng og lade mobilen.

— Me har utvida menyen frå i fjor, og sel både kalde og varme måltid. Når publikum kjem tilbake etter konsertane på natta, står me klare med nygrilla burgarar, fortel Bård.

Onsdag 11. juli står han, kona og dei andre campvertane klare til å ynskje deg velkommen på Camp Tysnesfest. Velkommen skal du vera. Men husk å tinga plass i dag!