Enda fleire artistar til Tysnesfest 2018

Her kjem det siste drysset med artistar som kjem til festivalen i år. Programmet er no komplett! 

God kveld, Tysnesfest!

Onsdag kveld vert det fullt kjør i Bermudateltet. God kveld Tysnesfest med Tommy og Kåre er eit talkshow heilt utanom det vanlege.

Helge Jordal og Motbakkeorkesteret står klare på scena. Skodespelaren og rockeartisten Jordal har med seg Motbakkeorkesteret, som består av tidlegare rusmisbrukarar. Orkesteret vart starta i 2007 av miljøarbeidarar og brukarar ved Frelsesarmeens bo- og omsorgssenter i Bakkegaten. Dei speler skeive låtar med sving og innleving, og har mellom anna spela på Vozzajazz tidlegare. 

− Vår signatur er rufsete; den kan være vakker selv om det ikke låter søtt. Jeg kjenner jeg får klump i halsen når vi synger Her i gaten vår, som skildrer et brokete bybilde på godt og vondt, sier Solveig Nilsen, lederen ved Bakkegaten.


Good time Charlie – Ready to rumble er også klare for å lage eit fæla liv i Bermudateltet onsdag kveld. Dette er eit norsk R&B-band med musikarar frå Bergen og Førde. Bandet blei starta tidleg på åtti-talet, og har gitt ut totalt elleve album. Dei har vore nominert til Spelemannsprisen to gonger, seinast i 2017 med albumet «Ready to rumble». 


Pop-in Yoga på Såto

Bli med på ein liten avslappande yoga-pustepause 753 meter over havet.

Gørild og Beate frå Bergen Fjellyoga tar turen til Tysnessåto på føremiddagen før Big Bang-konserten på såtetoppen. Her kan du få pusten tilbake og samtidig ha ein fin oppleving etter å ha klatra dei mange hundre høgdemeterne opp til plassen med Vestlandets finaste utsikt.
«Vi skaper felleskap og glede. Vi gjør kunnskap om pust og bevegelse mer tilgjengelig. Vi bruker det vi har», skriv yogagjengen på si Facebook-side. Arrangementet er gratis og opent for alle.


Intimkonsertar i flytenaustet

Nicolay Leganger kjem tilbake til Tysnesfest med sine intime visekonsertar i flytenaustet i Våge. Kvar dag klokka 14 og 16 kan du heilt gratis få med deg flott musikk i andre etasje over den flytande isbaren i festivalhamno. Nicolay er ein norsk låtskrivar, vokalist og gitarist. Han ga i fjor ut albumet «Kjærlig talt», og er meget aktiv i Bergen Viseforum. Fekk du ikkje med deg dette i fjor, bør du gjere det i år.


Dagens shanty i festivalhamno

Kvar dag klokka 11.00 blir det shanty på Statsraad Lehmkuhl. Lettmatros Oscar stiller sporty opp som forsangar, og har du ikkje vore med på shanty før, er dette di gylne moglegheit til å stemme i. Dette er morro for heile familien! Møt opp klokka 10.45 for ein kjapp introduksjon slik at alle er klare til 11.00
Og du som ikkje syng, vil garantert høyre tonane viss du er i festivalhamna tidleg på føremiddagen.


Heftige, irske rytmar på fjorden

Stemningen blir garantert svingande når irske Tupelo speler opp på galeasen Loyal.
Det har vorte ein fin tradisjon på Tysnesfest at me inviterar på bluescruise på Bjørnafjorden. I år kjem det irske folkbandet Tupelo heile vegen til Tysnes for å underhalde våre gjestar.

Tupelo er ein prisvinnande gruppe frå Dublin, inspirert av Van Morrison. Dei er kjent for sine energiske liveshow med banjo, kontrabass, fele og gitar. Dei har mellom anna speila i Croke Park framfor 80.000 tilskodarar, og fleire av singlane deira er hyppig spelt på irske og engelske radiokanalar.

Tupelo speler også på Mandelhuset torsdag 14. juli klokka 14.