Veien til Tysnesfest

Alle vegar fører til Tysnesfest! Iallefall nesten. Her kjem ein liten guide for deg som skal reisa til oss!

Kjem du frå Bergensområdet? I så tilfelle har du minst tre alternative måtar å koma deg til oss på.

Med bil køyrer du mot Stavanger til du kjem til Halhjem. Der stiller du deg i ferjekøen til Våge, så tek ferja deg over Bjørnefjorden på 35 minutt, og når du køyrer i land er du midt i Våge Sentrum. 
Ferjeruter finn du her.

Du kan og reisa til Tysnesfest med Statsraad Lehmkuhl som går frå Skur 7 på Bradbenken i Bergen klokka 12.00 torsdag 12. juli, og går i retur frå Våge kai søndag 15. juli klokka 09.00
Festivalcruiset bestiller du her

 

 

 

 

 

 

Det Midthordlandske Dampskipsselskab har også i år satt opp rute frå Bergen til Tysnesfest. I år går båten også innom Hufthamar i Austevoll, og Os. Trykk her for billettar og ruteinformasjon.

 

 

 

Kjem du frå Stavangerområdet? 

Med bil køyrer du til Stord, og tek ferja frå Jektevik til Hodnanes. Så køyrer du til Våge via RV49. Trykk her for ferjeruter.

Nytt av året er at Skyss og Norled har sett opp ei ekstraferje frå Tysnes natt til laurdag. Her er dei ekstra avgongane:

Fra Ranavik 0125 (som vanlig, men nordover)
Fra Hodnanes 0200 ekstra
Fra Jektevik 0210 ekstra
Fra Hodnanes 0220 ekstra
Fra Ranavik 0255 utsatt fra 0125
Til Skjersholmane 03.35

Fredag 13. juli har me og sett opp buss som går frå Leirvik til Tysnes, og tilbake på natta. Denne har avgong frå Leivik 17.30. Kjøp billett her.

I tillegg til dette har Det Midthordlandske Dampskipsselskab satt opp hurtigbåt t/r Leivik – Tysnesfest på løurdagen. Denne går og til Kvinnherad på natta. Gå inn her for å bestille billett og sjå rutetidene. 

Kjem du frå Austlandet? 

Enklaste veg til Tysnes frå austlandet er E134 over haukelifjell. Då siktar du deg inn på ferjekaien på Årsnes og tek ferja til Gjermundshamn. 40 minutt etter ilandkjøring er du midt i Våge. 
Ferjeruter finn du her.