Treng du overnatting?

Dei forskjellige tilboda fylles fort opp, men her kan du lesa om dei forskjellige overnattingstilboda me legg til rette for under festivalen! 

Me ynskjer deg velkomen til Camp Tysnesfest 2018

Camp Tysnesfest opnar allereie onsdag 11. juli 2018.
NB: Det er no få plassar igjen på bubilcampen! 

Du må ha festivalpass for å bu heile festivalveka. Om du kun skal bu ei natt, må du ha gyldig dagspass for å kunne bu på campen.
Festivalpass/dagspass må kjøpas på førehand. Både camp-billett og pass må visast når man sjekkar inn på campen. Om ein ikkje møter opp før kl 18.00 den dagen ein har reservert plass, risikerer ein å miste plassen.

Hugs å velge rett ankomstdag når du kjøper billett.

Det vert ikkje anledning til å setje opp fortelt og markiser på bubil/campingvogn-campen.
Det er ikkje lov til å grilla andre stader enn på oppmerka område. Dette gjeld både bubil og telt-campen.
Under 18 år i følge med foresatt.
Me har bussar som går i skytteltraffikk heile helga.
Campen stenger kl 15.00 sundag, det er viktig at alle rydder opp sitt.
Tysnesfest står ikkje ansvareleg om noko forsvinn/vert kasta.

Campen har dei siste åra blitt full, så me vil anbefala å vera tidlig ute.

Dine camp billetter kjøper du her.

For å koma i kontakt med camp-vertane kan kontakta dei på:
Bård: 976 29 786 baard@tysnesfest.no
May Lill: 922 80 217 maylill@tysnesfest.no


Til kais med eigen båt i Våge Hamn

Eit anna svært populært overnattingstilbud er Våge Hamn. Her er det eit yrande folkeliv frå morgon til kveld. Her og må ein vera tidleg ute for å sikra seg plass til båten sin.

Me innførte i fjor nye reglar i festivalhamna vår. Oppdateringa gjekk på at alle som skal bu i hamna må ha billett til konsertane på Gjerstad Arena. Hovudårsaka til denne endringa er nye reglar frå brannetaten for å få ei tryggare hamn, samtidig som me ynskjer å synleggjera at hamna er ei festivalhamn som er laga for festivaldeltakarar. Me fekk svært mange positive tilbakemeldingar på at hamna blei ein mykje kjekkare stad å opphalde seg, så dei same reglane vert videreført for 2018.
Oversikten over dei forskjellige billettypane blei derimot ikkje like enkelt å oppfatta. For å gjera det så enkelt som mogleg kopierer me derfor modellen som er brukt på campen, og frå i år er prisen den same om du kjem til hamna som gjest i båt eller båteigar. 

  • Båtplassen kostar kr 500.- uavhengig av storleik på båten, og inkluderer kapteinen. Denne prisen gjeld frå onsdag til søndag. Kjem du seinare er prisen den same.
  • Den som kjøper båtplass, må ha festivalpass. Ved kjøp lyt ein enten kjøpe pass og båtplass samstundes, eller skrive inn referansekode frå eit allereie kjøpt festivalpass.
  • Dersom du skal ha med deg gjester eller skal vere gjest i båt, kostar det også kr 500.- pr. person. Gjest i båt, må også ha festivalpass eller dagspass dei dagane ein er om bord.
  • Born til og med 12 år bur gratis i hamna. Dei går òg gratis på konsertar på Gjerstad Arena
  • Har du billett til hamna, er marknadsdagsbilletten inkludert
  • Etter 21.00 kjem ein ikkje ned på hamneanlegget utan gyldige billettar
  • Båtgjestene skal retta seg etter instruks frå hamnevakt

Eksempel: Båtplass og kaptein + 2 passasjerar -> 500*3 = 1500.- 

Me oppmodar dei som har kjøpt båtbillett på førehand, om å kome innan fredag 13.07.18 kl 21.00 for å vera sikker på at du ikkje misser båtplassen din.

Hamnebillett og festivalpass kan du kjøpa her.

Les meir her: Våge Hamn


Podtown – komfortabel og sentral overnatting

NB: Podtown er no nesten utseld!
Midt i begivenhetenes sentrum, med gåavstand til Våge sentrum og Gjerstad arena kan du no sova både tørt, trygt og komfortabelt.

Du sjekkar inn «downtown in Podtown» kor du får utlevert nøkkelkort til din eigen private pod, som er oppredd og klar til bruk:-) 
Podtown tilbyr 24/7 resepsjon, toalett og dusjfasaliteter m.m.

Me håpa sjølvsagt at gjestene koser seg på festivalen, men etter midnatt ynskjer me at støynivået dempes slik at alle gjestane får ei behageleg natt.
Det vil være vakter som vil være behjelpeleg heile natta for å ivareta komforten og sikkerheten til gjestane.
Les mer om våre faseliteter og sikkerhet i Podtown på podtown.no/FAQ

Me gler oss utruleg mykje til lanseringa av Podtown på Tysnesfest og ynskjer dykk hjarteleg velkommen til eit trygt og komfortabelt opphald. 🌞
Bookingsida finn du på http://podtown.no/

 


Statsraad Lehmkuhl

Det kan ikkje bli enklare: Torsdag 12. Juli pakker du festivalsekken. Midt i hjarta av Bergen stig du om bord i majestetiske «Statsraad Lehmkuhl». Seilskuta tar deg trygt og godt gjennom nydeleg skjærgard heilt til Tysnes, der ho legg til kai midt i Våge sentrum. Derfra er det gongavstand til Gjerstad arena og alle dei flotte konsertane våre. Du søv om bord i seilskuta. Når festivalen er ferdig blir du frakta heilt tilbake til Bergen sentrum, der du sundag 15. juli stig i land full av minner for livet.

Dette er så sutalaust som det er mogleg å få det. Du slepp å tenkje på bil, ferjetider og parkering. Du slepp å kava med å finne overnatting. Du kan berre kose deg glugg i hel på Tysnesfest.

Skuta har begrensa med soveplasser, og me reknar med stor pågang. Du bør difor være snar med bestillinga di. Det er mogleg å bestille berre transporten til/frå Tysnes om du vil det. 

Bestilling: http://www.lehmkuhl.no/hjem/program/seiltokt-og-skjaergaardsturer/ 

NB: Det er mogleg å bestille overnatting seperat.


Hotell og hytter:

Me har nokre få overnattingsstader på Tysnes, og her er lenkjer til dei: 
Haaheim Gaard, Laukhamar Fritid og Tysnes Sjø og Fritid