Elvis Costello & The Imposters kjem dessverre ikkje til Tysnesfest!

Han har måtta avlysa resten av den pågåande Europaturneen på grunn av sjukdom. 

Han har prøvd å gjennomføra dei resterande konsertane på turneen, men etter fleire legekonsultasjonar blei han tilslutt nøydt til å høyra på legens råd om å kansellere all framtidig turnering inntil vidare.

Me ynskjer Elvis Costello god bedring, og vonar han kan koma til oss ved ein seinare anledning.

Me har gjennom heile dagen jobba intenst med å finne nokon som kunne fylle den ledige spoten, og me har faktisk ikkje berre fått tak i ein, men to fantastiske artistar!

Hellbillies og Sondre Justad har hivd seg rundt og rydda plass i kalenderen! Me er utruleg glade for å få desse to på plass, og dei vil fylle tomrommet i programmet godt!

Laurdagskvelden vil då sjå slik ut: Derin, Lucky Chops, Dagny, Hellbillies, Sondre Justad, Gåte og for å toppa det heile; Alan Walker!

 

Sondre Justad:

Debutalbumet Riv i hjertet låg på VG-lista i halvanna år til saman, seks av ti spor blei radiolista og låtane fekk meir enn 30 millioner streams. Eit stadig vaksende publikum trakk til konsertlokalene og sørga for at fleire av turnéene hans selte ut. Justad ble også nominert til en rekke priser for sin første utgivelse, blant annet Årets album (Spellemann) og Årets live (P3 Gull).

Justad er kjend for sine fantastiske sceneshow, og har ein utruleg evne til å bergta sitt publikum.

 

Hellbillies:

Etter over 25 år på veien har Hellbillies velfortjent fått status  som et av landets aller beste live-band.

Då bandet slapp sitt nyaste album ”Søvnlaus”, var det til unison strålande mottaking. Etter å ha overvært den første konserten på slippturnéen meinte Drammens Tidendes anmelder at bandet aldri hadde vært bedre.

 

Hellbillies her underhalde publikum i kvar vetle krok i Norge siden 1990.

De har spilt over 1600 konserter og haustar fortsatt fantastiske tilbakemeldinger fra kritikere og publikum.

 

Hellbillies har solgt rett i underkant av én million album og får stadig større fanskare. Anført av brødrene Aslag og Lars Håvard Haugen innehar bandet en energi og rutine som er få forunt.