Såtekonserten med Bigbang – litt praktisk info!

Øystein Greni og hans Bigbang er utan tvil eit av dei største livebanda me har i Norge.


Det blir ikkje mange moglegheiter til å sjå Bigbang på scena i 2018, men her på Tysnes byr me faktisk på to konsertar. Bandet blir årets artist på Tysnessåto, og seinare på dagen kan du sjå dei på scena på Gjerstad.
På Tysnessåto har me hatt artistar som Oslo Ess, Lars Vaular, Sondre Justad og det heile vart toppa med meir enn 2400 publikummarar under Sivert Høyem sin konsert i 2017.
Me gler oss enormt te å ta imot Bigbang 753moh.

Fyrst litt om parkering i Myrdal: 

  • Det er ikkje mogleg å køyra opp til Myrdal for å sleppa av folk grunna smal veg og mange gåande langs vegen. 
  • Det blir parkering ved drivhuset på Belt, og det vert sett opp shuttlebuss som går mellom krysset opp til Myrdal og snuplassen i Myrdal. 
  • Når parkeringa i Myrdal er full, og seinast klokka 11.00 vil vegen opp til Myrdal bli stengt. 
  • Beregne god tid for å koma deg til fjells. Minst 2.5t på grunn av stor skytteltrafikk og mange som skal gå.
  • Det er i år gravferd frå gravplassen på Belt. Vis hensyn til gravfølget som kjem køyrande langs vegen. 

Me har mange alternative ruter til Myrdal, og me anbefaler folk å prøve dei forskjellige alternativa både på grunn av parkeringssituasjonen, og for å få oppleva nye stader. 

Det går buss frå Våge klokka 09.50. Denne går via campen i Uggdal 10.00 og til Solhemsdalen. Retur til Våge etter konserten. Billettpris 100,- Må betalas kontant eller med vipps.

VIKTIG INFORMASJON:
I Tysnesfjella beitar det mykje sau. Det er difor viktig å ta omsyn til dette når me ferdast i fjellet og i utmark generelt. For å ikkje skremme husdyr på beite, hugs: -at alle hundar skal førast i band heile året. -at du må unngå å jaga sauen framfor deg på stien, gå utom stien og rundt dyra. -Når du elles møter sauer som beitar, legg vegvalet ditt utanom dei beitande dyra. Ver nøye med å rydde raste- og teltplassen når du dreg. Avfall tek du med, ingenting skal liggje att. Hugs og på at det ikkje er organisert toalett i fjellet. Om du nyttar våtserviettar etter du har gjort ditt fornødende, ta desse med deg!

Me har i år fått utruleg bra hjelp frå Sparebanken Vest til kunne halde denne konserten gratis Såto! Men om du og har lyst å vera med på spleiselaget for å sikra slike konsertar i framtida kan du vippsa oss eit valfritt beløp på 79574

Tysnesfjella er svært vakre og eignar seg godt for nydelege fotturar. Men når mesteparten av publikum nyttar stigen frå Myrdal, vert det ekstra stor slitasje på denne stigen. Me har i år difor lagt opp til heile sju mogelege utgangspunkt fordelt rundt på øya. Stiane er godt merkte. 

 

Lunde – Ådnastegen – Såto:
Stigen byrjar der hovudvegen (R 49) kryssar
Humlevikelva. Den fylgjer ein traktorveg
eit stykke og tek så av til høgre oppover
eit dalsøkk kledd med brake. Stigen har jamn stigning. Ved Kleiva går denne stigen saman med stigen Vevatne – Såto. Kleiva er lang og bratt, men snaufjellet nærmar seg og då flatar terrenget ut. Frå Ådnastegen går stigen over
eit myrparti, før han stig bratt opp mot
Vetlesåto og Såto.

Myrdal – Såto:
Stigen byrjar ved P-plassen i Myrdal.
Stigen går svært bratt opp gjennom Buskaret.
Dette er den kortaste stigen opp til Såto,
men og den brattaste. Utsikten blir betre
og betre etter kvart som du kjem oppover
Buskaret, rundar Vetlesåto for så å stiga
opp til Såto. Gangtid omlag 2 timar

Skaret – Ådnastegen – Såto:
Frå Skaret går det traktorveg nord for Hovlandselva. Jamn stigning forbi ein vakker foss og
opp til Vasstølstjødno der traktorvegen sluttar.
Stigen ligg fint i naturen og snor seg oppover Idlekleivo. Når du er på toppen av Idlekleiv held du høgre mot Heiavatnet og går vidare til Ådnastegen. Frå Ådnastegen over eit myrparti, før bratt stigning opp mot Vetlesåto og Såto. Gangtid omlag 3 timar

Vadla – Såto:
Her byrjar stigen på høgre side av Vadlaelva. Den fyrste km av stigen er heller bratt. Ein del av stigen går på skogsveg. Så fylgjer ei tilsvarande lengd med kupert terreng gjennom bjørkeskog før ein kjem opp i fjellet, med Såto til venstre. Vidare har stigen slakk stigning, med enkelte kneikar, til du møter stigen frå Dalen/Våge.
Herifrå er det bratt opp til Såto.
Gangtid omlag 2 timar.

Solheimsdalen – Såto:
På turen opp til Såtetoppen finn me eit landskap som ymsar frå frodige sørvendte lauvskogslier til høgfjellsnatur. Fyrste delen av turen går på ein godt tilrettelagt traktorveg, med jamn stigning opp mot Grovatnet. I Malkenesdalen kan du ta av til venstre, eller du kan følgja den gamle traktorvegen vidare opp til myrane sør for Grovatnet.
Frå vegen mot Grovatnet kan me velje to ulike
stiger opp eit bratt parti til me ser Såto. Så passerer stigen vatn, myrer, haugar og dalsøkk, før han stig opp mot Såto. Gangtid omlag 3 timar.

Dalen – Gjerstadstølen – Såto:
Stigen tek til ved P-plass like før gardstunet på Dalen, held fram gjennom utmarka, og kryssar bru mot høgre. Opp Kinningekleiva der du har utsikt mot Ilefjellet på venstre hand. Stigen dreiar så i nordaustleg retning, går mellom Liastølsvatnet og Bjørnastølsvatnet og til Gjerstadstølen. Tåkeskaret er ein bratt kneik. Stigen går så ned forbi Nordre Stølsvatn, deretter stig terrenget oppover til krysset med stigen frå Vadla. Det siste stykket opp er bratt. Gangtid omlag 2 timar

Våge – Gjerstadstølen – Såto:
Frå Tysnes Barne og Ungdomsskule går stigen sør/søraust og oppover Kleiva og vidare oppover mot Guletoppen. Lett stig med enkelte kneikar. Stigen går langsmed ei elv forbi eit tjørn. Fin natur og vakker utsikt over Våge. Stigane frå Gjerstad og Vågsmarka møtest aust for Guletoppen. Vidare går stigen på høgre sida av myra ved Tverrelva til Huldastølen. Her kan du velja om du vil gå om Gjerstadstølen til Såto, eller ta til venstre ved Huldastølen og gå austover, for så å koma inn på stigen frå Gjerstadstølen nedanfor Tåkeskaret. Tåkeskaret er ein bratt kneik. Stigen går så ned forbi Nordre Stølsvatn, deretter stig terrenget bratt oppover til krysset med stigen frå Vadla. Det siste stykket opp er bratt. Gangtid omlag 3 timar.