Her kan du bli historisk!

Tradisjonen tru blir det også i år kassabilløp På Tysnesfest. Men i år er det siste gong du kan susa ned kraftlagsbakken på fire hjul.

Kassabilløpet er ein fartsfylt konkurranse for dei tøffaste småbilistane. Her konkurrerer store og små om gjeve titlar omkransa av jublande tilskodarar. Start er utanfor kraftlagsbygningen, og målpassering skjer foran festivalkontoret på kaien i Våge.

Tysnesfest Grand Prix har vore arrangert kvart år. Men grunna utbygging av festivalkontoret vårt er det siste gong me kan invitera til kassabilløp i bakken frå kraftlaget. I år kan du altså bli historisk, som vinnar av det siste kassabilløpet i denne bakken!

Du melder deg på Tysnesfest Grand Prix her!