Laurdagens program

Velkommen til ein fantastisk laurdag på Tysnes!

I dag kan du mellom anna gå på frukostshow i Bermudateltet, der Tande-P kjem med foredraget «Er det sunt å være kjendis?». Det er ny marknadsdag i Våge, du kan ta deg ein luftig helikoptertur over Tysnes, og me byr på tidenes parade gjennom Våge sentrum. Klokka 13 må du få med deg «Ta sjansen» med Tande-P som konferansier på kaien i Våge.

Kveldens artistar på Gjerstad arena er: Derin, Lucky Chops, Dagny, Hellbillies, Sondre Justad, Gåte og Alan Walker (biletet).

Billettar kjøper du her.

Heile laurdagens program finn du her.