Takk for i år — me sjåast i 2019

I år etter år etter år har me på Tysnesfestsundagen kunna meldt om nye, fantastiske publikumsrekordar. Det kan me ikkje gjere i år. 26.693 er publikumstalet for Tysnesfest i år.
Men sjølv om me ikkje sette ny rekord i antal gjester, har me i år satt rekord i antal smil, antal solbrilleskille og antal opplevingar 😎
Me er heilt sikre når me seier at Tysnesfest i år har hatt verdas beste festivalgjester, verdas beste frivillige og verdas beste festivalstemning
🙌😁 Me takkar alle dykk, for den beste og mest veldrevne festivalen me nokon sinne har hatt på Tysnes.

Me sjåast til neste år! 😄