Eventyrlige Aurora kjem til Tysnesfest!

Som 17-åring var Aurora i 2014 fyrste artist ut på Tysnesfest, og allereie då forstod me at dette var ein artist som ville få ei stor karriere.
No har ho tatt sjumilssteg ut i den store verda, og me er stolte over at me har klart å lokke Aurora tilbake til Gjerstad arena.

Aurora frå Lysefjorden i vår nabokommune Os er allereie ein artist i verdsklasse. Den korte karrieren hennar har gått rett til himmels, og debutalbumet «All my demons greeting me as a friend» har meir enn 200 millionar strøymingar og over 500.000 selde eksemplar.

22-åringen har opparbeidd seg ei stor fanskare med hits som «Running with the Wolves», «Runaway», «Forgotten Love», og «Queendom». Aurora har turnert i USA, Sør-Amerika, Australia, Asia og Europa, og spelt på ei rekkje av verdas største festivalar, inkludert Coachella. Ho har opptrådt på store tv- og radioshow både her heime og ute i den store verda: The Tonight Show starring Jimmy Fallon, Nobels Fredspriskonsert, Skavlan, The Late Show with Stephen Colbert, Howard Stern og Conan.

No er Aurora klar med ei ny plate: «Infections of a different kind – Step 1», som er fyrste del av eit todelt album. Anmeldarane har vore frå seg av begeistring: «Hun viser godt hvorfor hun er en artist for hele verden», skreiv til dømes Dagsavisen.

Aurora spelar på Tysnesfest fredag 12. juli.