BROILER ER TILBAKE

EDM-duoen BROILER kjem til Tysnesfest 2019!

Broiler er godt i gang med å erobra verda, men for å erobra verda må ein nesten innom Tysnesfest eit par gonger!

Dei var hjå oss i 2016, og det går framleis gjetord om laurdagskvelden der ingen klarte å stå i ro. Broiler sin musikk tvinga fram dansefoten, og både ungdommar, vaksne og besteforeldre gjorde at Gjerstad syda av liv som aldri før.

Broiler har svært mange superhits, og dei har meir enn 400 millionar streams på Spotify. Hits som «Wild Eyes», «Rays of Light», «Lay it On Me» (Som Ina Wroldsen som og kjem til Tysnesfest syng på), «Money» og deira remix av «Shots» har lagt lenge på topplistene.  

Broiler leverte bokstavleg talt eit fyrverkeri av eit show sist, og dei kjem garantert ikkje til å slå mindre på stortromma neste sommar. Fyrverkeri, flammer, dansarar, LED-robotar og eit sceneshow utan like!