Overnatting under Tysnesfest!

Tysnesfest Festivalhamn, Camp Tysnesfest, Podtown og KarTent!

Salet av overnattingsplassar går som aldri før, og det ligg an til å bli fullt hjå alle våre overnattingsalternativ!

  • Nytt i 2019: KarTent! 
    Kvifor dra med deg teltet til festivalen når det finst eit bærekraftig, ferdig oppsatt, kartong-alternativ klart til bruk? Eit KarTent er alt du treng! og JA, dei er vanntette, lystette og hangover-venleg (sval og kjølig) om morgonen. Det er god plass til å ligga i skei med din favorittperson! Som born var det alltid kjekt å bygga kartonghus, og draumen om å få sova i det var ikkje alltid like realistisk. Her er din sjanse! Book ditt KarTent idag!
  • Campen blir som tidlegare, men den er no tørrare enn nokosinne! Me har brukt opp mot ein halv million på å grøfta, drenera og klargjera heile området slik at om det skulle koma ein regnskur eller tre, så er bakken allikevel fast og fin, og ikkje som ei myr slik som var tilfelle til og med 2017. 
  • Våge hamn blir bygga om i 2019, og forhåpentlegvis blir straumtilgangen noko meir stabil også. Kravet om konsertbillett for alle som bur i hamna blir fjerna, men ellers er opplegget som i 2018. 
  • Podtown blir på Windsor også i år! Som dei sjølve seier; Midt i begivenhetens sentrum. Eirik og gjengen hans gler seg til å ta dykk imot!

Tysnesfest Festivalhamn

Nytt i 2019: Du treng ikkje festivalbillett for å bu i hamna!

Våre trivelege og dyktige hamnevertar ynskjer deg hjarteleg velkommen til Tysnesfest si festivalhamn 2019!

Me har dei siste åra, med unntak av i 2018 blitt utseld i hamna, så det er absolutt lurt å vera tidleg ute med bestillinga di!

For å bu i hamna må du betala for adgang her. Båt inkludert eigar/kaptein koster 500kr, og overnattingsgjest i båten koster det samme. Prisen gjeld for heile festivalen, altså onsdag til søndag. Kjem du seinare enn onsdag er prisen den same. 

  • Båtplassen kostar kr 500.- uavhengig av storleik på båten, og inkluderer kapteinen. Denne prisen gjeld frå onsdag til søndag. Kjem du seinare er prisen den same.
  • Dersom du skal ha med deg gjester eller skal vere gjest i båt, kostar det også kr 500.- pr. person. 
  • Born til og med 12 år bur gratis i hamna. Dei går òg gratis på konsertar på Gjerstad Arena
  • Har du billett til hamna, er marknadsdagsbilletten inkludert
  • Etter 21.00 kjem ein ikkje ned på hamneanlegget utan gyldig billett
  • Båtgjestene skal retta seg etter instruks frå hamnevakt
  • Sjølv om det no ikkje er krav om festivalpass, ynskjer me sjølvsagt å sjå flest mogleg av båtgjestene våre på Gjerstad Arena 🙂 

Eksempel: Båtplass og kaptein + 2 passasjerar -> 500*3 = 1500.- 

Me oppmodar dei som har kjøpt båtbillett på førehand, om å kome innan fredag 12.07.19 kl 21.00 for å vera sikker på at du ikkje misser båtplassen din.

Nytt av året er at me og har fått ei familiehamn der det ikkje er lov å være synleg rusa. Det er begrensa plasser tilgjengeleg, og her gjeld fyrstemann til mølla prinsippet.
Det er viktig å hugse på at dette ikkje er noko «stillehamn», men fest og fanteri på sjølve familiehamna er ikkje lov.

Bestill båtplass her!


Me ynskjer deg velkomen til Camp Tysnesfest 2019

Camp Tysnesfest opnar allereie onsdag 10. juli 2019.

Du må ha festivalpass for å bu heile festivalveka. Om du kun skal bu ei natt, må du ha gyldig dagspass for å kunne bu på campen.
NB! Festivalpass/dagspass må kjøpas på førehand. Både camp-billett og pass må visast når man sjekkar inn på campen. Om ein ikkje møter opp før kl 18.00 den dagen ein har reservert plass, risikerer ein å miste plassen.

Hugs å velge rett ankomstdag når du kjøper billett.

Det vert ikkje anledning til å setje opp fortelt og markiser på bubil/campingvogn-campen.
Det er ikkje lov til å grilla andre stader enn på oppmerka område. Dette gjeld både bubil og telt-campen.
Under 18 år i følge med foresatt.
Me har bussar som går i skytteltraffikk heile helga.
Campen stenger kl 15.00 sundag, det er viktig at alle rydder opp sitt.
Tysnesfest står ikkje ansvareleg om noko forsvinn/vert kasta.

Campen har dei siste åra blitt full, så me vil anbefala å vera tidlig ute.

Bestill plass på campen her!


Podtown

Podtown blei lansert som verdsnyheit under Tysnesfest 2018. Det vart utselt med ein gang, og ein så stor suksess at me sjølvsagt har invitert dei tilbake i 2019!

Midt i begivenhetenes sentrum, med gåavstand til Våge sentrum og Gjerstad arena kan du no sova både tørt, trygt og komfortabelt.

Du sjekkar inn i vår resepsjonsvogn kor du får utlevert nøkkelkort til din eigen private pod, som er oppredd og klar til bruk:-) 
Podtown tilbyr 24/7 resepsjon, toalett og dusjfasaliteter m.m.

Me håpa sjølvsagt at gjestene koser seg på festivalen, men etter midnatt ynskjer me ro i Podtown slik at alle gjestane får ei behageleg natt.
Det finst både singelpod og dobbelpod, og som navnet kanskje kan indikera, bur du aleine i ein singelpod, og saman med ein ven, kjærast eller liknande i ein dobbelpod. 
Det vil være vakter som vil være behjelpeleg heile natta for å ivareta komforten og sikkerheten til gjestane.
PS: For å bu i Podtown må du ha billett til Tysnesfest. Dette blir sjekka ved innsjekk!

Det er gode parkeringsmoglegheiter ein kort spasertur unna. 
Les mer om våre faseliteter og sikkerhet i Podtown på podtown.no/FAQ

Me gler oss utruleg mykje over at Podtown kjem tilbake til Tysnesfest og ynskjer dykk hjarteleg velkommen til eit trygt og komfortabelt opphald. 🌞

Bookingsida finn du på http://podtown.no/

Her kan du sjå Podtown sin eigen aftermovie etter Tysnesfest 2018!

KarTent

Vil du sleppa å dra med deg telt til festivalen? Gå for eit kartongtelt! KarTent er eit berekraftig og miljøvenleg alternativ. Telta er ferdig oppsatt og klare til å hoppa inn i, og før du spør: JA, dei er vanntett   KarTent er stort nok til at to personar kan sova komfortabelt saman. Til forskjell frå vanlege telt, vil KarTent halda deg kjølig og i mørket til du har sove av deg festivalbakrusen og la deg lada batteria slik at du er heilt klar for å fortsetja festen neste dag!

Føler du deg litt ekstra kreativ? Du kan designa ditt KarTent som du sjølv ynskjer med fargestiftar eller tusj!
KarTent er ein totalt ny måte å tenka på kva produkt angår. Eit KarTent blir resirkulert som boksar i logistikkindustrien, eller nye festivalprodukt som du kan nytta deg av. Når KarTent når slutten av lifet sitt blir den 100% resirkulert.

Som born var det alltid kjekt å bygga kartonghus, og draumen om å få sova i det var ikkje alltid like realistisk. Her er din sjanse! Book ditt KarTent idag!

KarTent til Tysnesfest kjem i tre forskjellige variantar:
KarTent Standard: Ferdig oppsatt telt
Kartent Plus: Ferdig oppsatt telt med luftmadrass
KarTent Super: Ferdig oppsatt telt med luftmadrass pluss to soveposar.