Rotlaus til Tysnesfest

Dei speler alltid for utselde hus, og no er Rotlaus endeleg klare for Tysnesfest.

Det er berre fire år sidan Ørsta-bandet Rotlaus gjorde sin fyrste spelejobb, men dei har på rekordtid blitt eit av landets mest omreisande og ettertrakta liveband.

Rotlaus kan visa til fleire listeplasseringar enn dei fleste og har fått tildelt ei rekkje trofè for låtane sine. Debutalbumet «Bygderamp» låg 23 veker på norske topplister, og samtlege singlar har trona høgt på VG-Lista.

Rotlaus er på kort tid blitt kjent for ein helt spesiell kontakt med publikum, og dei gjer alltid maks på scena. Så her blir det garantert allsong!
Rotlaus tilbringer mykje tid saman, noke som gjenspeiler seg på scena: “Det skal vere som en familie”, seier vokalist Bjørn Marius Øyehaug.

Rotlaus speler på Gjerstad arena torsdag 11. Juli.