Kyrkjekonserten i 2019: Marthe Wang

Endelig kan me avsløra at det er Marthe Wang som blir årets kyrkjeartist! 

Om du har hørt på radio det siste året så er sjansen svært stor for at du har fått med deg låten «Til Deg». Låten som har varma norske lyttarar sine hjarter sidan desember 2016 er framleis høgt oppe på spelelistene til radiokanalar i Noreg. 

”En av de nydeligste låtene jeg noensinne har hørt på norsk” seier Maria Mena om «Til Deg».

Marthe skriv materialet sitt sjølv, og ho har ei eineståande formidlingsevne som gjer at publikum blir bergtekne. Ho seier sjølv at «Jeg vil at det skal høres ut som jeg står og synger inn i øret ditt»

Marthe Wang er 28 år og, født og oppvaksen i Bergen. Blei ferdig utdanna frå Norges Musikkhøgskole i 2014 kor ho studerte jazz-song og musikkpedagogikk.

I februar 2017 kom hennar debutalbum “Ut og se noe annet” til strålande kritikkar. Hun blei spellemannsnominert for plata i Vise kategorien – og låta “Til deg” blei velt ut som Kirkens Bymisjons TV-aksjonslåt i 2018.

I 2018 mottok ho Tekstforfatterfondets lyspunktpris og TONOs gjeve Edvardpris for tekst på “Ut og se noe annet”

Marthe har nylig spela inn sitt neste album som blir utgjeven i september 2019.
Det er berre å gle seg til singelslepp vår 2019!

Billettar finn du her.

Har du festivalpass, er konserten inkludert, men det er begrensa antal reserverte plassar. Registrer deg her. Fyrstemann til mølla!