Naboen min – Rockesock

Naboen min vann nyleg Spellemannspris 2018 i kategorien «Barnemusikk». I sommar kjem dei til Tysnesfest!

Torsdag 11. juli må du ta med deg ungane dine til Bermudateltet! Då kjem nemleg Naboen Min og steller til konsert med rockesock-garanti! 

Debutplata til Naboen Min «Rockesock» er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor. -Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad, Naboen min er eit band samansett av forfattar og  låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og multiinstrumentalist Bjørnar Sangolt. Med seg på laget har dei eit knippe erfarne musikarar som til dømes Geir Dahle og Thomas Gallatin, mellom anna med erfaring frå banda til Odd Nordstoga og Morten Abel. Prikken over i-en er likevel eit stjernelag av sprudlande born, som friskar opp songane med barnleg energi.

Naboen Min vann Spellemannsprisen 2018 i kategorien «Barnemusikk».

«Denne barneplata fortener mange lyttarar!» – Pirion 18.10.2018

«Om man skal finne noen referanse uti den videre musikkverden som kan sikte inn på hva
det er de tumler rundt med her, er jeg faktisk fristet til å nevne The Beatles’ White Album.» – Periskop 13.03.2019