Big Men Bluesband og MUKTI er klare for festival

Me er i gang med ei maratonøkt for å lansera alle artistar og aktivitetar, og her kjem to lokale godbitar!

Big Men Bluescruise

Bluescruise med Big Men Bluesband er ein av Tysnesfests stoltaste tradisjonar.

MS Midthordland»tar deg med på ei musikalsk reise i vår vakre skjærgård. Om bord kan du nyta heftige bluestonar og leska strupen med noko godt

Big Men Bluesband vart etablert hausten 2003 som Tysnes Bluesband, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest «tyngde» i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving.

Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Blues Band og ynskt dei velkomen att!

Big Men Bluesband har spela konsert på Tysnesfest i så mange år at me kunne ikkje bryta tradisjonen i år heller!

Big Men Bluesband skal spele på to bluescruise laurdag 13. juli.


MUKTI

Då livet vart snudd opp ned av alvorleg sjukdom vart ein nedstøva barnegitar redninga.

Utan noko musikalsk bakgrunn byrja musikk å strøyme gjennom artisten som gav ut sitt debut album “What I’m living for” i november 2018.

Med eit brennande ynskje om å inspirera og gjera ein forskjell, er det den kjenslemessige kontakten til musikken og publikum som står i fokus hos singer-songwriteren frå Stord. Musikken beveger seg innan ulike sjangrar og har eit underliggande bodskap om friheit.

MUKTI har kjent eit enormt potensiale i musikken heilt frå starten og har ambisjonar om å nå ut i heile verda!

Me oppdaga MUKTI, eller Vibeke Grov som er namnet hennas på 100 dagar på Stord i vinter, og vart bergtekne av hennar formidlingsevne. 
MUKTI og bandet hennar kan du sjå opptre ombord på MS Sunnhordland til kais i Våge fredag 12. juli!