Marknadsdagane blir gratis

Fredag og laurdag samlast mange tusen mennesker på kaiområdet i Våge til myke liv og røre.

Her er det all verdens bodar, klovnar og jøglarar, ansiktsmalarar, kystlag, matmarked, konsertar, gamle båtar, helikopterflyging, Ta Sjansen og uendeleg mykje meir!

Nytt i 2019 er at marknadsdagane blir gratis! 

Ta Sjansen er flytta frå laurdag til fredag for å gje plass til ein aktivitet som skal skje midt i hamna Våge på laurdagen. Ein aktivitet me trur vil fenga mange. Me vil ikkje avsløra kva dette er heilt enda, men følg med i næraste framtid! For å seie det slik: Det er ikkje noko for pyser!

Noko av det som skjer i løpet av marknadsdagane i Våge: 

Tysnes Matgilde

Fredag og laurdag under festivalen skal me hylla lokalmaten!

På E-brygga blir det rigga til tre store tentipi-telt der det vert god mat overalt du snur deg. Det blir dekka til langbord med smårettar og god drikke som du kan nyta saman med gode vener. Fredagen kjem og Bodil Nordjorde eller kanskje enda bedre kjend som «Mentors kone» i Farmen blant anna det året Lothepus var med. Ho skal snakka om lokalmat og viktigheita av å bringa matkunnskapen vidare.

Matprodusentar som til no er påmeldt:

Vilde og Anna

Endelig kjem Vilde og Anna til Tysnesfest! Dei tek med seg sitt humørfylte show 12. juli, med nye og gamle sangar.

Vilde og Anna er ein svært poulær sangduo frå Nordfjordeid. Dei fekk ein enorm suksess med sangen «Vestlandet» etter at dei vann MGPjr i 2016. Sidan den tid har dei reist land og strand på konsertar og festivalar, og delteke i fleire underhaldningsprogram på riksdekkande TV.

 

 

 

 

Trollala – Den underlige vidunderlige

Trollala, den underlege vidunderlege, tek deg med på eit eventyr. Gledesspreiaren Trollala snakkar ofte på rim, elska å synga og har ein enorm fantasi. Han har og ein sterk trolletru på at livet alltid kan bli bedre – om ein berre vågar å fylgje draumane sine. 

Trollala bur eigentleg på Fløyen over Bergen med mor og far Trollmossi og Trollipappen. Men fredag og laurdag kjem han til Tysnes for å helse på alle born og unge som er der. 

 

 

Bergen Pipe and Drums 

Bergen Pipes & Drums har vore ein aktiv del av norges kulturscene sidan dei fyrst starta i 2005 som Bergen Pipeband. Dei er som namnet antydar basert i Bergen og er eit tradisjonelt sekkepipeband som hovudsakleg fokuserer på Skotsk og Keltisk musikk.

Bergen Pipe & Drums var det første norske sekkepipebandet som konkurrerte musikalsk når dei deltok i World Pipe Championships i Glasgow, Scotland i 2013.

På Tysnesfest vil dei vere ein del av gatebildet laurdag 13. juli.

 

Mange fleire aktivitetar kjem på lista etterkvart!