Det Sjukaste Vorspielet

Laurdag 13. juli tek Staysman med seg ein bråte med vener og steller i stand det sjukaste vorspielet på Gjerstad!

Laurdagen er allereie lansert som ein stor festdag med artistar som Broiler, Kjartan Lauritzen, Julie Bergan, Ina Wroldsen og Kriminell Kunst på plakaten. Det er svært kjekt å endeleg fortelja at det også blir ein forrykande start på kvelden med Staysman&Lazz, Mads Hansen og Oral Bee & Mr. Pimp Lotion! 

Staysman&Lazz er ein norsk duo beståande av Stian Thorbjørnsen og Lasse Jensen. Dei har herja både hitlister, festivalar og klubbar dei siste åra, og har vore med på omtrent alt som går an å være med på i underhaldningsbransjen. I mars i år klarte dei kunststykket å fylla Oslo Spektrum då dei arrangerte «Den sykeste festen». Rølpen er definitivt ein bestselgar, og Staysman&Lazz er sjølve definisjonen på rølp 😉 

 

 

 

 

Mads Hansen har ikkje ei like lang liste over hits som Staysman&Lazz. Faktisk er lista hans berre på ein enkelt låt. Men sjølv om det berre er ein, har han allikevel heile 21.5 millionar streams berre på Spotify aleine. Mads Hansen er eit ekte One Hit Wonder, og låten du garantert kjenner teksten på er sjølvsagt SOMMERKROPPEN! 

 

Oral Bee nyter ein suksess få ville gjetta på for nokre år sidan. Han har spela for utselde konsertar over heile Noreg og hatt mange radiosinglar. Singelen «Høyt over Oslo» som han gav ut med Morgan Sulele har nesten 12 millonar avspelingar på Spotify.
Fyrste singelen «Penger» kom ut i 2000 og førte til at han blei landets mest forhatte rappar med sin West Coast stil, men gjennom åra har han bygga opp ein hardcore fanbase som berre veks og veks. 

Mr. Pimp Lotion er berykta for sine live-show kor han stiller i pels, kritisk korte shortsar, bacon-sokkar, Saucony-sko og eigendesigna Lotion-caps. Han blir sjeldan sett utan ei svær flaske Spenol i handa.