Alan Walker

Alan Walker var første norske artist som fekk over ein halv milliard spelingar av sin eigen låt på Spotify.

20-åringen frå Fana har gjort ei lynkarriere. Han er født i England, men har budd i Fana utanfor Bergen mesteparten av sitt liv. I desember 2015 blei han verdskjent med singelen «Faded», som i skrivande stund er strømma nesten 1,5 milliard gonger på Youtube.

I tillegg til signaturlåta «Faded» er Alan Walker mellom anna kjent for store hits som «Alone», «Sing me to sleep», «Spectre» og «All falls down».

Walker har turnert heftig det siste året, og i april er han booka inn på ei av verdas største og viktigaste musikkfestivalar, Coachella i USA. Der skal Walker stå på same scene som mellom anna Beyonce, The Weeknd og Eminem!