Amy Macdonald

I serien av internasjonale superstjerner som vitjar Gjerstad arena er det no ei glede å presentera Amy Macdonald!

Amy Macdonald (29) er ein skotsk låtskrivar/songar. Trass sin unge alder har ho allereie solgt ni millionar album. Hennar debutalbum «This Is The Life» blei utgitt 30. juli 2007. Tittelsporet «This is the life» vart ein megahit. Albumet har gjort suksess i ei rekkje europeiske land og blei lansert i USA i 2008.

Macdonald slapp sitt nye album «Under Stars» den 17.februar. Singelen «Dream on» har vore ute ei lita stund allereie, og har vorte godt motteke verda over.

Amy Macdonald skal turnere i Europa heile våren. Brussel, Paris, Edinburgh, København, Wien og Munchen er berre nokre av storbyane ho skal innom før ho spelar på Tysnesfest andre helga i juli.17