Ausekarane

No kan du berre gle deg til gjenhøyr med «Måsa», «Fin i bikini», «Farande fant», «Ausedansen» og sjølvsagt verdas vakraste hyllest til Tysnes.

Karane sitt nye show «Ferjelaus og steik forbanna» får utruleg gode kritikkar og her er kva nokre skriv: 

BA: En herlig orgie av musikalsk komikk. Kultur og komikveld. Go’knall!!
BT: Ramsalt, gapskratt, følsomt, poetisk. Musikalsk virituost og støtt som fjell. Rikelig å more seg over!

Du kan oppleva dei i Bermudateltet fredag 12. juli klokka 17.00! Billettar kjøper du her.

Ausekarane er like glade i Tysnes som me er i dei. For nokre år sidan skreiv Tor Endresen ein song til øya vår då han sat og roa ned ute i Skiparvika ein sein nattetime. Året etter hadde «Tysnes» verdspremiere i Bermudateltet, og vakrare stund kan me ikkje minnast å ha vore med på. 

Ausekarane består av Bjørn Jensen (sang/gjøgling/gitar), Tor Endresen (sang/gjøgling/gitar), Espen Vågstål (trommar), Tore Mæhle (bass/kor), Svein-Tore Hindenes (trekkspel/tangentar/kor) og Jan Arne Knutsen (gitar/mandolin/banjo).